Siste skotet vart avgjerande: Spanande til siste slutt

INTENST: Spenninga var til å ta og føla på då Hanna fekk anvist siste serien. Siste skotet vart avgjerande, og Markus (i bakgrunnen) stakk av med sigeren. Alle Foto: Morten Sæle

INTENST: Spenninga var til å ta og føla på då Hanna fekk anvist siste serien. Siste skotet vart avgjerande, og Markus (i bakgrunnen) stakk av med sigeren. Alle Foto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

LINDÅS: Siste runden i klassen eldre rekrutt vart ein triller heilt til siste skot i Høyland Auto Cup.

DEL

Dei to treningskameratane Hanna Fjordheim Gundhus (15) og Markus Nyhammer Haugen (15) har følgt kvarandre tett gjennom cupen. Før siste runden låg Markus framfor med eitt poeng. Med ein serie att lag dei to likt poengmessig, men Hanna ville tatt sigeren sidan ho hadde to 250-seriar. Dei fire neste skota sit der dei skal, men på det siste og avgjerande skotet av 125 skot får Hanna 9.9, og må sjå seg slått av treningskameraten.
Men Hanna tar andreplassen med verdigheit.

– Fortente sigeren

– Det er heilt greitt. Det har gått litt nedover i det siste, synet sviktar meg litt, fortel ho.
– Han fortente denne sigeren, eg har vunne før. Det er utruleg små marginar, og vi har følgt kvarandre tett, seier Hanna, sliten i auga etter å ha lagt så lenge og stira på den same blinken.

LES OGSÅ: – Veldig gøy å delta!

– Dette er sånt som skjer, men neste år tar eg han, seier ho med eit smil.
Hanna starta med skyting for seks år sidan, og det var nettopp Markus som introduserte ho til sporten.
– Eg fekk vera med ein gong og prøva, etter det har eg berre halde fram, fortel Hanna.
Markus hadde marginane med seg denne gongen.
– Det var så vidt, det vart drama til siste skot, seier han.
– Ho er beinhard, og ikkje lett å ta, men eg synest det er kjempegøy å ha ein god treningskamerat i ho. Det er viktig å ha nokon å bryna seg på, seier han. Dei går i same klasse på Ostereidet, og begge to trenar minst to gonger i veka, i tillegg til stemner i helgene.
 

God rekruttering

Ungdomsleiar i skyttarlaget, Arild Haugen fortel dei har rundt 25 ungdommar på skytetrening kvar tirsdag.
– Skyting er den største idretten i Norge etter fotball, og rekrutteringa er veldig bra, seier han.
– I denne sporten er det heilt opp til deg sjølv korleis du presterer, her er ein ikkje avhengig av eit lag. Her ein veldig fri, det er ein fin sport å vera med i, seier Haugen. I klubbhuset ved sidan av skytebana har dei live overføring av både levande bilde og anvising av seriane.
 

LES OGSÅ: Jenter med mange talent

 

Artikkeltags