– Området vald og overgrep mot barn er eit av dei største uavklarte områda. Dei fleste kjenner på stor uvisse til kor ein kan ta uroa si, seier Kjell Ølnes.
Han er leiar for barnevernstenesta i Meland og teamleiar for Konsultasjonsteamet som vart oppretta i fellesskap mellom kommunane Meland, Austrheim og Radøy i 2012. Også Masfjorden er medlem og kan melda sine saker hit.
Han seier teamet er eit lågterskeltilbod til dømes til dei som treff barn og unge som trenarar eller han som driv 4H-klubben. Men og for mor og far sjølve. Ikkje berre for offentleg tilsette i skular og barnehagar.
LES OGSÅ: «Linn» melde overgrep til politiet – Dei gløymde å gjennomføra ransaking
lågterskeltilbod
– Kven som helst kan koma hit med ei vond magekjensle, eller om ein har høyrt noko og lurar på korleis ein skal gå fram, seier Ølnes.
Han presiserer at dei ikkje driv sakshandsaming, og at alle saker i utgangspunktet er anonyme og ikkje skal referatførast.
– I utgangspunktet, seier du. Finst det unnatak?
– Har eit barn vore utsett for seksuelle overgrep eller vald, må eg som barnevernstilsett få namn og adresse, då har eg ei handlingsplikt.
– Kva reaksjon møter du då?
– Folk skjøner alvoret når eg er tydeleg på at dette må eg gå vidare med. Eg opplever at dei sjølve er i det moduset allereie, seier han.
– Ovanfor konsultasjonsteamet får folk presentert saka si, kva dei har sett og opplevd. Vi jobbar med reflekterande samtale. Det betyr at dei som kjem får høyra når vi reflekterer over det vi har fått høyra av opplysningar – utan lov til å kommentera før vi er ferdige. Så stenger vi vedkommande ute, og kjem deretter med våre råd. Dei kan dei gjera som dei vil med.
LES OGSÅ: Fekk redusert straff for valdtekt av stedottera si
Flest seksuelle overgrep
– Det mest vanlege er saker som veldig ofte endar opp med at vi seier; gå attende til barnet, ta ein avdekkande samtale for å finna ut kva dette er.
Ølnes seier seksuelle overgrep er mest hyppig.
– Dette er svært kompliserte saker, ofte med veldig svake signal frå barnet. Kvifor droppar ho gymmen, kvifor er han så stille? Ein snakkar og får diffuse svar som kan tolkast i alle retningar. Tanken med teamet er å få avdekka forholdet snarast råd, og få hjelp fram til barnet, seier han.
LES OGSÅ: Filma stedottera med skjult kamera i dusjen
– Proppen er vekke
Ølnes seier 1–2 av 10 saker som blir drøfta med Konsultasjonsteamet blir det noko meir av.
– Dette er saker der det vert sett i verk tilrettelagt avhøyr med spesialutdanna folk i politiet, med Barnehuset representert, men utan dommar og advokatar til stades. Med desse vekke, er proppen i systemet fjerna, og avhøyra vert gjort i løpet av 1–2 veker. Det er opp til barnevern og påtalemyndigheit å vurdera kva ein skal gjera så.
LES OGSÅ: Misbrukte barnebarn og niese i fleire år
– Betre å vera barn
Teamleiaren seier det har skjedd ei endring frå påtalemyndigheita der desse sakene blir tatt langt meir på alvor enn tilbake i tid.
– Barn blir tatt på alvor, vi handlar. Og vi har eit kjempegodt samarbeid med politi og påtalemyndigheit. Eg veit ikkje om det er eksepsjonelt for Nordhordland, men her vert vi verkeleg tatt på alvor, seier han.
– Eg opplever at det er betre å vera barn i dag. Dei skal ikkje utsettast for vald og overgrep, og det er ingenting som heiter oppdragarvald. Har du slått barnet ditt, må du stå til ansvar for det etterpå. Barnevernet har ei handlingsplikt til å ta barnet på alvor og gjera noko med det, seier han.
– Gir stadig fleire innbyggarar frå andre kulturar ei ekstra utfordring?
– Det er ei utfordring å få fortalt våre ny landsmenn korleis det er her i Norge. Dei aller fleste seier at dei veit det, men kulturen deira er annleis enn hos oss. Dei har ei anna oppfatning enn vi har av kva barn er, seier han.
LES OGSÅ: I 2014 var det 15 overgrep mot barn i Nordhordland
Foreldre melder sjølv
Konsultasjonsteamet får naturleg nok flest saker frå Meland, som er den største kommunen i samarbeidsprosjektet.
På spørsmål om kven som vender seg til dei, svarar leiaren at det i hovudsak er tilsette i skulen, barnehagar, PPT, helsesøstrer.
– Men vi har og hatt foreldre som har opplevd at barn har komme og snakka om ting som dei har lurt på.
– Det er ikkje så veldig kjent, men ein høg prosent av saker i barnevernet er foreldre som melder sjølv. Eg opplever at foreldre er opptatt av korleis barna har det, og søker råd hos barnevernet. I Meland er 15–20 prosent foreldre, og eg tenker at det sikkert er ganske likt i andre kommunar, seier Ølnes.
Ikkje politi med
I konsultasjonsteamet er representantar frå BUP, PPT. helsesøster og barnevern.
– Tidlegare var også representant for politiet med, men påtalemyndigheita fann ut at det ikkje var lurt. Vert det straffesak med overgrep og vald, kunne politiet få tilgang til informasjon som ikkje kom ved etterforsking, seier han.
– Vi syntest det var verdifullt å ha dei med. I starten var det også med ein frå RVTS (Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging, Region Vest), og vi kan be dei om å delta på møter om vi synest dette er nødvendig, seier Ølnes.
Konsultasjonsteamet har sitt første møte i dag, onsdag.
Vidare er det sett opp om lag eit møte i månaden, men det er også mogleg å ha hyppigare møte om det skulle bli nødvendig.
– Eg ser dette som ein kjempenyttig arbeidsreiskap som eg er opptatt av blir brukt. Her er det ikkje vanskeleg å få koma til, seier Kjell Ølnes.