Statoil utreder alternativ: – Føler oss ført bak lyset

Vaklande tillit: – Eg har heile tida sagt at er det nokon ein kan stola på, så er det Statoil. No byrjar eg å tvila litt, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy saman med Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes.FOTO: Morten Sæle

Vaklande tillit: – Eg har heile tida sagt at er det nokon ein kan stola på, så er det Statoil. No byrjar eg å tvila litt, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy saman med Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes.FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Statoil sine planar om eit sjøalternativ for røyrleidninga frå Johan Sverdrup får ordførarane i Austrheim og Lindås til å reagera.

DEL

– Det er veldig overraskande at det vert arbeidd med eit alternativ i sjø, seier Austrheim- ordførar Per Lerøy saman med Lindåsordførar Astrid Aarhus Byrknes.

– På det første informasjonsmøtet med Statoil kom det opp spørsmål om kvifor ein ikkje gjekk inn Fensfjorden med røyrleidninga. Svaret vi fekk då var at det var teknisk umogleg, seier Lerøy, som har jobba intensivt med å selja inn landalternativet til næringsliv og grunneigarar.

LES OGSÅ: Brot mellom Statoil og Austrheim: Vil ikkje møta kommunen sine krav

– Vi veit no at Statoil alt i mars konkluderte med at det var teknisk mogleg via sjø. Det er skuffande at vi ikkje vart informerte då, vi har levd i den tru at traseen over land var det einaste alternativet, seier han.

Dei to ordførarane seier det er brukt betydelege ressursar frå kommunen si side i arbeidet med røyrleidninga.

– Vi har brukt mykje ressursar, både politisk, men òg sakshandsamarkapasitet i samband med reguleringsarbeid, seier Byrknes.

Utsette sal

– Det har vore gjort ein kjempejobb for å få dette til, ein del arbeid har nok måtte lida på grunn av dette. Det er uhyre viktig å få denne olja til Mongstad, seier Lerøy. Han fortel mellom anna at grunneigarar har utsett sal av eigedomar grunna dette arbeidet.

– Kommunen sjølv har eit område på 283 mål bak Spar i Mongstadkrysset som vi har reservert, der det har vore andre interessentar. Når Statoil kom på bana vart desse avviste, den kan vera eit potensielt tap for kommunen, seier han.

–Småpengar

Landalternativet fører med seg kostnader i form av rekkefølgekrav for utbyggar i størrelsesorden 40-50 millionar kroner, men ordførarane seier dette ikkje er grunnen til at Statoil no vurderer eit anna alternativ.

– Statoil har sjølv sagt at dette er småpengar i den store samanhengen, seier Lerøy.

LES OGSÅ: Johan Sverdrup-utbygginga vil skapa 51.000 årsverk

Nyheiten om at det vert jobba med alternativ ilandføring har fått enkelte til å spekulera i om det i det heile tatt kjem Johan Sverdrup-olje til Mongstad.

– To ting står fast, det kan folk vera heilt trygge på. Olja skal førast inn til Mongstad, og begge trasealternativa går framleis sin gang, ingenting er avgjort enno, seier Lerøy. Han seier vidare at 2. oktober skal alle tekniske studier vera ferdig, avgjerda om trasevalet vert tatt 6. november.

Dei to ordførarane lovar å stå på vidare i arbeidet, ikkje minst i høve til å få raffineringa av olja lagt til Mongstad.

Raffinerast på Mongstad

– Her har vi ein stor jobb å gjera politisk for å påverka denne avgjerda. Statoil kan godt gje oss eit plaster på såret og raffinara råolja på Mongstad, meiner Lerøy. Byrknes er einig i at olja må prosesserast lokalt.

LES OGSÅ: Kina-sjakk

– Kvifor skal vi skipa ut alt når vi kan gjera dette her heime? Vi veit det er store kostnader med ombygging, men den jobben meiner vi Statoil må ta, og vi lovar å stå på for å få dette til, seier Byrknes.

Krav til innsparingar i milliardklassen i heile Johan Sverdrup-prosjektet er ein av grunnane til at sjøalternativet vart tatt opp på nytt.

Sparar nær ein milliard

Pressetalsmann Morten Eek i Statoil seier heile industrien snur kvar stein for å finna løysingar som kan gjera nye prosjekt meir lønsame.

– Anslag som er gjort viser at kostnaden for det nye alternativet kan bli 5,8 milliardar kroner, mot 6,7 milliardar på landalternativet, seier Eek. Innsparinga er altså på ein knapp milliard.

– i 2012 vurderte vi sjøalternativet som ikkje gjennomførbart grunna manglande stabilitet og eksisterande røyr. Vi har likevel hatt ein internstudie i etterkant. Resultata viser at det er teknisk mogleg om vi lagar støttefyllingar for eksisterande røyr, seier Eek. Det vil gi betydelege innsparingar, og mindre inngrep i landskapet og for miljøet. Det gir og god prosjektøkonomi, seier han.

– Må utredast

– Vi har heile tida halde på at Bergsvikhamn-alternativet over land skal jobbast vidare med. Vi er nyleg gjort kjend med alternativet, og då kan vi ikkje la væra å utreda nærare.

– Vi har gått til samtlege interessenter samtidig, både kommune og grunneigarar, og vil sørge for ein god gjennomgang av dette alternativet, seier Eek.

LES OGSÅ: - Dette er heilt fantastisk. Eventyrleg!

Røyrledninga som skal byggast er totalt 273 km lang om ein går for landalternativet over Bergsvikhamn, 10,5 km av dette er over land. Sjøalternativet inn Fensfjorden er 10 kilometer lengre totalt, heile røyrleidninga vil då gå i sjø.

Artikkeltags