Tolv lokale skulekorps skal konkurrere i Hordablæsten

Sandre Gjerde (17) spelar slagverk i både Knarvik skulekorps og Oster Brass.

Sandre Gjerde (17) spelar slagverk i både Knarvik skulekorps og Oster Brass. (Foto: )

Av

Tolv skulekorps frå Nordhordland skal i helga delta i kjempemønstringa Hordablæsten i Grieghallen.

DEL

Papiravisa og full digital tilgang i 1 månad for berre 49 kroner!

Fleire hundre skulekorpsmusikantar frå Nordhordland skal i aksjon under Hordablæsten i Grieghallen i helga. Dette er ei kjempemønstring for skulekorpsa i fylket. Under festkonserten søndag spelar Manger Musikklag, med dirigent Bjørn Sagstad og trompetvirtuosen Adam Rapa som solist.

I alt tolv skulekorps frå Nordhordland deltek i Hordablæsten, pluss at ei rekkje musikantar også skal vera med i solist- og ensemble-konkurransar.

Laurdag er det konkurranse for solistar, ensemble, juniorkorps og generasjonskorps som står på programmet. Søndag er det klart for korpskonkurranse for 1.-, 2.- og 3. divisjon brass og janitsjar, pluss aspirantseminar.

Følgjande korps frå Nordhordland er med:

Klasse juniorkorps:

  • Sagstad juniorkorps
  • Knarvik juniorkorps
  • Knarvik aspirantkorps

Generasjonskorps:

  • Hordabø skulemusikklag
  • Alversund skulemusikkorps
  • Austrheim skulekorps

1. divisjon brass:

  • Knarvik skulekorps

2. divisjon brass:

  • Sæbø skulemusikklag
  • Kløvheim skulekorps

3. divisjon brass:

  • Sandnes skulemusikk
  • Lindås skulekorps og Kaland skulemusikklag

3. divisjon janitsjar:

  • Sagstad skulekorps

Artikkeltags