- Komiteen har i over elleve år jobba aktivt for å fremja kystkulturen, sa dottera til den kjende trubaduren, Sigrid-Marthe Kleppevik då ho overrekte minneprisen under Fonnesdagen lørdag.
Det er Stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond som deler ut prisen på 25.000 kroner. Minnefond har som formål å fremja kystkulturen i Hordaland.
Imponert
- Det er imponerande kva denne komiteen har stått for – alt for å vidareføra arv og tradisjonar frå gamal til ung. Her får folk ta del i gamle tradisjonar, som klinking av båt, spleising av tau og garnbøting. Her er utstilling av gamle jordbruk- og fiskereiskapar, og folk får også kosa seg med tradisjonsrik mat, som er ein viktig del av kystkulturen, sa Sigrid-Marthe Kleppevik.
Liv og røre
Tradisjonen tru var det mykje liv og røre på kystkultur-mønstring. Johannes Kleppevik underheldt på Fonnesdagen i 2000. Vår lokale visesongar Kurt Hatten, akkompagnert av Frode Skag Storheim, heidra Kleppevik med fleire av hans kjende tekstar.
Odd Idar Bjørsvik slo an tonen med ”Dar kjem dampen” og andre kjende melodiar på trekkspel, og seinare skapte trekkspelklubben god stemning på kaien.
Salutt frå kvalskuta
Ved kai låg både gamle Oster og Shetlandsbussen Hitra, som var ein viktig aktør under andre verdskrig. Og salutten som markerte starten på Fonnesdagen, vart avfyrt om bord i kvalskuta ”Olavsson” frå Fedje. Dei som ville kunne ta turen om bord for å ta skutene nærare i augnesyn.
For den yngre garde var det umåteleg populært å vera skippar om bord i Elias-båten.
Veteranar
Både gamle og kjære Tempo-syklar og velbrukte motorar putra vart vist fram. Dei som ville kunne få kjøra veteranbuss mellom Fonneskaien og hurtigbåtkaien på Vardetangen.
Her var rømmegraut og stompekaker, fiskesuppe, krabbe og reker på menyen, for å gje nokre smakebitar på godsakene.