Havsportveka større enn i fjor

82 ØVINGAR: Årets havsportveke er endå større enn i fjor, med 82 øvingar på programmet.(Illustrasjonsfoto)

82 ØVINGAR: Årets havsportveke er endå større enn i fjor, med 82 øvingar på programmet.(Illustrasjonsfoto)

Artikkelen er over 9 år gammel

82 øvingar på programmet.

DEL

Årets utgåve av Havsportveka (Nordic Oceansport Week) blir endå større enn i fjor. Fleire nye tilbod står på programmet.

I fjor starta ein opp med eit program på 35-40 øvingar, men enda opp med 60. I år står det 82 øvingar på programmet.

- På dei tradisjonelle øvingane som seglbrett, dykking, segling og kajakk, reknar vi med å få ”fulle” hus. Vasscooter og jetski og vasscooter og jetboard er blant dei nye innslaga i år. Også her håpar vi på full tilslutning, seier Odd Arne Blindheim, primus motor og initiativtakaren til Havsportveka.

Han hadde ein ide som slo ut i full bløming i fjor. Så populært vart tiltaket, at arrangørane måtte utvida programmet undervegs.

- Vi har denne gangen lagt opp til eit større program. Innanfor dei fem dagane vi har sett av, er programramma så å seia full. Skal vi gjera Havsportveka større, må vi ta i bruk fleire dagar, seier Blindheim.

I år som i fjor går programmet frå onsdag til og med søndag. Blindheim ønskjer på sikt å strekkja arrangementet slik at han òg får med helga i førekant.

Påmeldingane strøymer inn

Svært mange påmeldingar er allereie inne og nokre av enkeltkursa er fullteikna. Men fortvil ikkje, for kanskje er det plass på eit anna kurs på eit anna tidspunkt.

Til alle kursa, unnateke dykkarkursa, er det arrangøren som heldt utstyret. Du treng altså ikkje tenkja på å ta med deg seglbrettet ditt for å vera med på øvingane.

- Når vi har lagt opp programmet, har vi ikkje berre tenkt på det faglege. Det sosiale er like viktig. Vår filosofi er her skal det vera noko for alle, uansett om du er 8, 80 eller 102 år, seier Blindheim.

Program for alle

Mykje program føregår på land. Du kan til og med ta ein flytur og sjå Austrheim frå lufta, og vil du berre sitja og nyta livet og eta ein is, så er du likevel ein del av arrangementet.

Turen med ”Atløy” til Utvær fyr lørdag 14.august er å anbefalast. Her kan du følgja padlarane som skal i aksjon i maratonpadling frå Austrheim til Utvær, dersom ver og straumtilhøve tillet det.

Ein annan populær programpost er gourmet middagane med kjende kokkar. Desse går på Austrheim samfunnshus. Vil du sikra deg ein kulinarisk godbete, er det lurt å bestilla plass no før det vert fullt, tilrår Blindheim.

Teltbasen og hovudsekretariatet er tilknytt samfunnshuset. Det er også eit sekretariat i Mastrevik, der sjøøvingane går. På onsdagen skal også Sportsklubben Brann sine stjerner ha treninga si på Austrheim gras som ein del av arrangementet.

Treng fleire frivillige

102 frivillige er allereie engasjerte i samband med Havsportveka. Nordic Oceansport Week og Austrheim kommune, som er vertskap for Havsportveka, etterlyser fleire frivillige.

Det er behov for folk på kjøkken, i servering, i baren og som vaktar. Folk frå andre kommunar må gjerne koma, då dette er eit arrangement for heile Nordhordland, vert det understreka.

Artikkeltags