Gå til sidens hovedinnhold

Norled: – Dette er flaut

Artikkelen er over 6 år gammel

Nok ein gong er ferja over Fensfjorden ute av drift.

Sagaen om trøbbelet med ferjene over Fensfjorden held fram.

I dei siste månadane har det vore problem på problem på problem med ferjene, til stor frustrasjon for dei ferjereisande.

I byrjinga av november sleit ferja «Melderskin» med framdriftssystemet sitt. Etter fleire dagar med trøbbel, viste det seg at det var propellen det var problem med. Det vil ta ei stund til den er fiksa, så i mellomtida sette dei den i dokk for vedlikehald.

Deretter sette dei inn «Gloppen» men den hadde sine uhell den og, mellom anna mista den ein mob båt i kaien under øving, som gjorde at ferja måtte ut av rute.

Så kunne avisa Nordhordland avsløra at Norled ville setja inn MF «Bjørnefjord» på strekka på permanent basis.

Planen deira var å erstatta den skadeplaga MF «Melderskin» over Fensfjorden med «Bjørnefjord». Samstundes skulle «Gloppen» vera reserveferja på Sognefjorden. Det fekk dei blant avslag på, Plan B var då å bruka «Bjørnefjord» på Fensfjorden, samstundes skal den vera reserveferje over Sognefjorden.

I november vart ferja sett inn som reserveferje for reserveferja på sambandet, og lokalbefolkinga feira med kakefest og vassfontene. No var dei klare for ein ny ferjekvardag.

Men dei er truleg skuffa, for «Bjørnefjord» har truleg ikkje levd opp til forventningane.

Tysdag føremiddag denne veka vart ferja innstilt i fleire timar grunna trøbbel med manøversystemet på ferja.

Då dei fekk fiksa dei problema, oppstod det nye.

– Dagens problem er nok ein følgefeil av tysdagens, seier regionssjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker til avisa Nordhordland.

For i 10.30-tida onsdag måtte Norled gje opp og innstilla ferja for resten av dagen.

– Me veit ikkje kva som er gale, anna enn at det er eit eller anna med manøversystemet, seier Utåker.

Når avisa Nordhordland snakkar med han i 18.30-tida onsdag seier han at dei har folk om bord som feilsøker.

– Det er og folk undervegs for å hjelpa, seier han.

Kor lang tid det tar å få reparert feilen, torer han ikkje å seia.

– Det kan vera i orden på to minutt eller det kan ta lenger tid, seier han.

Reserveferja er på veg. Men fyrst må dei få ei ferja frå Rogaland opp til Skjersholmane - Ranavik, slik at «Gloppen» kjem til Fensfjorden.

– Den er ikkje på plass før til rutestart, fredag morgon, seier Utåker.

– Kva tenkjer du om situasjonen?

– Det er flaut, rett og slett, innrømmer han.

– No hadde me fått opp ein ny båt me hadde store forventningar til at skulle innfri, og så skjer dette. Det er rett og slett flaut, sluttar Utåker.

I 23.30-tida, torsdag kveld, melder Norled at MF «Bjørnefjord» er reparert og vil gå i rute som normalt, fredag morgon.

Kommentarer til denne saken