Deltok tipp-tipp-tipp-tipp oldefar din i den berømde Strilekrigen?

1 SVINDAL: Ole Erikson Svindal som budde på dette bruket, vart dømt til døden etter Strilekrigen. Bildet er utlånt av Birger Carlsen 2 STRILAR: Teikning av to strilar frå 1740-åra 3 FORBOD: Etter Strilekrigen vart det innført lov som forbaud folkemøter, med åtvaring om dødsstraff 4 STRAFF: Bergen bytingsprotokoll med straffene mot dei fire nordhordlendingane.  5 IVRIGE: Kenneth Bratland og Bjørn Bagge har stått bak mykje av arbeidet til prosjektet 6 CELLER: Strilekrigarane hamna i cellene i rådhuset. BILDE 2,3 og 6 er utlånt av universitetet i bergen

1 SVINDAL: Ole Erikson Svindal som budde på dette bruket, vart dømt til døden etter Strilekrigen. Bildet er utlånt av Birger Carlsen 2 STRILAR: Teikning av to strilar frå 1740-åra 3 FORBOD: Etter Strilekrigen vart det innført lov som forbaud folkemøter, med åtvaring om dødsstraff 4 STRAFF: Bergen bytingsprotokoll med straffene mot dei fire nordhordlendingane. 5 IVRIGE: Kenneth Bratland og Bjørn Bagge har stått bak mykje av arbeidet til prosjektet 6 CELLER: Strilekrigarane hamna i cellene i rådhuset. BILDE 2,3 og 6 er utlånt av universitetet i bergen

Artikkelen er over 2 år gammel

Søk og finn ut her! Unike historiske dokument er no gjort tilgjengelige!

DEL

250 år sidan Strilekrigen:Laurdag 18. april er det 250 år sidan den berømte Strilekrigen, der over 2000 sinte bønder frå Nordhordland reiste til Bergen for å protestera på ekstraskatten dei måtte betala. Ein skatt dei opplevde som urettferdig.

Ei gruppe frå Statsarkivet i Bergen, Universitetet i Bergen, AHKR og ein privat eldsjel har dei siste månadane jobba knallhardt med å få på plass ein søkbar database over dei nærare 2500 strilane som var med på den berømte Strilekrigen, for nøyaktig 250 år sidan.

LES OGSÅ: 70 år etter freden er John Pettersen framleis på slagmarka kvar dag

Dermed kan du no gå inn på nettet og leita etter slekta di, for å sjå om dei var med på Strilekrigen. Det er og laga ei eige interaktiv utstilling på nettsidene til Universitetet i Bergen, der ein kan sjå korleis dei organiserte seg, korleis dei kom til Bergen og følgene av det.

SØK HER: Her kan du finna ut om slekta di deltok i Strilekrigen!  

– Vi har prøvd å samla kjeldematerialet og fortelja historia, seier Bjørn Arvid Bagge frå Universitetet i Bergen.

– Vi har presentert dei ulike aktørane og dei viktigaste tinga knytt til opprøret, seier han.

Strilekrigen vert rekna som det største bondeopprøret som har vore i Noreg. Årsaka var den dyre ekstraskatten på ein riksdalar årleg på alle som var over tolv år gamle. Skatten vart innført på byrjinga av 1760-talet, då det var sett ei nøytralitetsvakt i Sør-Danmark på mange tusen soldatar. Det kosta Kong Frederik V av Danmark-Noreg store summar å ha vakta gåande, og førte til at han fekk store problem med økonomien.

Det gjekk greitt i byrjinga, sjølv om skattetrykket i Nordhordland vart meir enn dobla. Årleg vart det i utgangspunktet betalt inn 14.000 riksdalar i skatt for Nordhordland og Voss futedømme. Eks-traskatten åleine utgjorde over 17.000 riksdalar.

– Men så byrja det å versera rykte om ulike typar forordningar, altså nye lovbestemmingar, om korleis skatten skulle betalast inn. Fleire av forordningane var falske. Det kom og lettingar, men til slutt var det så mykje forvirring rundt skatteinnkrevinga at ein ikkje var sikker på korleis skatten skulle betalast inn, fortel Bagge.

Ei av dei falske forordningane som byrjar å ryktas, er at det berre var dei med ein formue på over 300 riksdalar som skulle betala inn skatten. Noko som ville medført at nesten ingen nordhordlendingar skulle betala skatt.

Samstundes slår fisket feil og kornprisane stig grunna sjuårskrigen i Europa.

– Folk byrjar å slita med å betala inn og futen og dei lokale myndigheitene brukar stadig meir hardhendte metodar for å krevja inn skatten, fortel han.

LES OGSÅ:  Då Ingeborg vinka til tyskarane, starta bygdesnakket

Mellom anna tek dei båten frå ein fattig fiskar, dei tok grytene frå nokre familiar og under- madrassar frå andre.

– Og kva skal ein gjera når ein ikkje lenger har noko å koka grauten sin i? Myndigheitene tek frå innbyggarane livsgrunnlaget og til slutt vert det nok for dei, seier Bagge.

1. mars 1765 sender bøndene ein delegasjon på 200 mann til Bergen for å snakka med stiftsamtmannen om situasjonen. Etter eit møte der dei vert einige om å senda brev til kongen i Københamn, endar det heile i eit basketak der bøndene vert jaga med bajonettar.

I utgangspunktet var dei lova svar etter seks veker, men det svaret kjem aldri.

Då stig irritasjonen til vanlegvis sindige nordhordlendingar.

– Ei eller anna organisering må ha skjedd, for plutseleg er det over 2000 bønder i byn den 18. april, seier Bagge.

Bøndene går til Stiftsamtmannen og vil ha greie på kva som er den ekte forordninga. Han har ingen forordning å visa til, og det heile endar i eit basketak der Stiftsamtmannen vert lempa på gata. I si fortviling lovar han at bøndene skal få pengane attende.

– Han fryktar nok for livet sitt når 2000 meir eller mindre edru bønder, med hjelp frå nokre av byens innbyggarar står der, seier han.

Bøndene får sine pengar tilbake, og litt utpå dagen den 19. april reiser dei heimover igjen.

Bagge kallar situasjonen ein katastrofe for myndigheitene.

– Småfolket skulle gjera som småfolket alltid har gjort. Eta, drikka, avla og betala skatt. Alt anna var uinteressant for myndigheitene. Så når dei gjer opprør er det jo ein katastrofe, seier han.

LES OGSÅ: 9. april vakna Johannes Fosse av at norske kampfly tok av frå Flatøy for å komma seg unna nazistane

I 1765 budde det vel 13.500 menneske i Bergen. Og myndigheitene har lite å stilla opp med, med berre nokre få bondesoldatar på festningen. I tillegg vert det stilt tvil om deira lojalitet, då soldatane truleg er strilar sjølve.

– Ein annan ting eg tykker er imponerande er at i dag så har vi Facebook, mobiltelefonar og internett. På det viset kan vi mobilisera ganske raskt. Men her er det snakk om at 2000 menneske mobiliserer ganske raskt, utan moderne hjelpemiddel, der bodstikker går frå gard til gard og der ting er skjult for øvrigheita, seier Bratland.

SØK HER: Her kan du finna ut om slekta di deltok i Strilekrigen!  

Med på opprøret vert bønder frå Eksingedalen i aust til Øygarden i vest. Det er òg bønder frå Gulen, Askøy og Arna som er med.

– Omtrent alle gardane frå det som i dag er Nordhordland var med, fortel han.

På den tida budde det 10-12.000 menneske i heile Nordhordland.

Bildetekst

Bildetekst



Strilekrigen var det største bondeopprøret som nokon gong har vore i landet. Og det var det fyrste. Det kom og veldig overraskande på myndigheitene, som såg svært alvorleg på det heile.

– Borgarmeister Hildebrandt Meyer sender eit skrekkbrev til København og fortel at borgarane i Bergen er livredde for livet sitt. Han ber om at kongen sender opp soldatar, fortel Bagge.

Så vert gjort, og tre månader seinare kjem det to krigsskip med 400 tyske leigesoldatar kjem til Bergen. Saman med dei kjem det og ein undersøkingskommisjon, som skal sjekka kva som har gått føre seg i Bergen og finna ut korleis både embetsmenn og bønder hadde oppført seg.

LES OGSÅ:  Naziflukta frå Nordhordland

Det fyrste som skjer er at festningen vert sett i stand med 21 kanoner. Folk vert kalla inn til avhøyr, og etter tre månader er konklusjonen klar.

– Det vert slått fast at det var gjort feil på begge sider. Embetsverket brukte for hardhendte metodar for å krevja inn skatten, og det var feil å rundjula bøndene som kom fyrste mars. Så embetsmenna får godt med overhaling, noko som ikkje var så vanleg, fortel Bagge.

På bøndene si side vert åtte personar arrestert. Tre av dei vert dømde til døden, medan fjerdemann vert dømt til livsvarig fengsel. Mellom dei mest kjende for oss i Nordhordland er Jochum de Lange, bergensaren som i 1764 kjøpte opp Flatøy. Han vart dømt til livsvarig slaveri i jern på Bergenhus festning, men døyde etter tre år i fengsel.

Jonas Rognaldson Sletten frå Sletta på Radøy vart dømt til døden for si deltaking i opprøret, utan at ein konkret klarte å knyta han til nokre hendingar. Han anka dommen, og i 1768 vart han slept fri. Ola Erikson Svindal frå Svindal i Lindås vart og dømt til døden for mellom anna å ha slått stiftsamtmann Cicignon i andletet. Han hadde og vore grov i munnen mot stiftsamtmannen. Dommen vart seinare gjort om til livsvarig fengsel. Han sat fengsla frå 1. november 1768 til 1. juli 1771, då han vart benåda av kongen.

LES  OGSÅ: Heidrar ukjente krigsheltar

Desse tre nordhordlendingane pluss dei fem andre vart på mange måtar syndebukkane for opp- røret, men i realiteten fann myndigheitene aldri ut kven som stod bak opprøret.

– Hadde 50–100 bønder reist inn for å driva opprør kan ein vera sikker på at dei hadde vorte straffa. Men når nesten alle bøndene frå Nordhordland reiste inn, har ein ikkje moglegheit for å straffa dei. For det er jo bøndene som forsyner Bergen med matvarer, peikar Bratland på.

– Strilane betyr så uendeleg mykje for bergensarane, dei vil berre ikkje innrømma det. Difor kan du ikkje straffa 2000 bønder. Då er det ingen att til å forsyna byen med mat, peikar han på.

SØK HER: Her kan du finna ut om slekta di deltok i Strilekrigen!  

Bøndene frå Nordhordland enda opp med å verta inspirasjonskjelder for bønder frå andre plassar i landet, og det vert oppløp i både Stavanger og Sogn. I Stavanger viser dei til at dei skal gjera det same som strilane i Bergen gjorde, men det løyser seg på minneleg vis. Men på andre vis viser Strilekrigen og att.

– 5. juli kjem det ei forordning om at det ikkje lenger er lov å ha større forsamlingar av folk i Noreg, seier Bagge.

Bildetekst

Bildetekst


Det vert faktisk truga med dødsstraff for å samla folk på andre enn dei godkjente arenaene som kyrkjebakken og tinga.

Etter berre nokre år vert og ekstraskatten oppheva i Noreg, medan dei i Danmark måtte ha den heilt fram til 1812.
Eit lite kjent resultat av Strile-krigen er at Bergen som eit resultat av den, fekk det som no er eit av verdas eldste symfoniorkester!

Årsaka er at undersøkingskommisjonen som kom frå Danmark og jobba i fleire månader, ville avslutta opphaldet sitt med ein fest. Til den trong dei eit orkester. Det vart oppretta, og hadde sin fyrste konsert den 8. oktober 1765.

Det vart forløparen til det som i dag er kjent som Bergen Filharmoniske Orkester.

Sundag 19. april  er  det   konsert og  forteljing  om  Strilekrigen  på  Nordhordland   folkehøgskule. 

Artikkeltags