Gå til sidens hovedinnhold

Ny ladestasjon på Mastrevik

Artikkelen er over 3 år gammel

Arbeidet startar med det aller første

Austrheim kommune og Fortum Markets har inngått ei avtale om etablering av ladestasjonar på Mastrevik.

Avtalen har ei kostnadsramme på 1 million kroner for kommunen sin del og strekker seg over ti år. Fortum skal etablera og drifte ladetilbodet, som ifølge avtalen skal innehalde minimum to hurtigladarar og ein dobbel mode 3, type 2 AC-ladestasjon.

Austrheim får ny elbilstasjon 

I tilknyting til stasjonen, er det sett av fire parkeringsplassar for elbil. Ein hurtiglading ved stasjonen vil ta om lag 30 minutt og syte for 12–15 mils køyring, avhengig forbruk og batterikapasitet.

Etter ei omfattande synfaring i området, har kommunen bestemt å legge stasjonen til parkeringsplassen framfor Mastrevik Torg. Ved å legge dei dit vert dei synlege frå vegen, dei kjem ikkje i konflikt med anna drivstoffylling og dei ligg på kommunal grunn.

Kommentarer til denne saken