Brann innvia Havsportveka

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Full fart og harde tak.

DEL

Årets Havsportveke i Austrheim har fått ein knallstart. Ikkje berre viser vêrgudane seg frå si beste side, SK Brann har også vore på besøk og kasta glans over opningsdagen.

Med unntak av Erik Huseklepp og Jan Gunnar Solli, som begge spelte landskamp for Norge på Ullevaal onsdag kveld, var heile A-stallen til Brann samla i Austrheim onsdag.

Spelarane frå Bergens Stoltheit byrja dagen med fotballtrening framfor rundt 200 skodelystne på graset på Årås. Etter eit betre måltid gjekk turen vidare til Mastrevik, der havrafting stod på programmet.

Fotballspelarane fekk verkeleg kjenna på hestekrefter når RIB-båtane frå Fjordguiding sette fart utover i havet, og sjølv om det ikkje var mykje vind å oppdriva, vart det litt hopp og sprett i kjølvatnet av andre båtar.

- Kjempeflott tiltak

Etter at raftinga var unnagjort vart spelarane delt opp i lag, og framfor eit stort publikum vart ein beinhard konkurranse i StandUp Paddleboard utkjempa.

Reglane vart frå første padletakt tøya til det absolutt ytste, og det oppstod mange publikumsvenlege basketak mellom gode lagkameratar med litt for mykje vinnarvilje.

- Eit kjempeflott tiltak dette her. Vi har flott vêr og mykje moro, konkluderar Brann-spelar Cato Guntveit, som sjølv tok del i havraftinga med stod over stafetten grunna skade.

- Periodevis har vi mykje sosiale aktivitetar utanom fotballen, og vi har også vore på sjøen, men då har det vore på fisking. Vassportar har vi aldri vore på før, men dette er kjempegøy, seier Guntveit til Nh.

Harde tak

Blant dei som verkeleg la innsats ned i StandUP Paddleboard-stafetten var David Nielsen og Bjarte Haugsdal, som padla første etappe mot kvarandre. Danske Nielsen er kjent for å vera tøff på bana, men i vatnet var det tjuvtriksa som regjerte.

Når ungdomen Haugsdal kom opp på sida av han var det frå Nielsen si side ikkje snakk om å prøva å padla ifrå lagkameraten. I staden dytta han talentet rett i havet.

Haugsdal på si side gav seg ikkje på tap, og fekk etter litt om og men også dansken ut i det våte element, så brett og årer flagra.

Duellane vart ikkje mindre harde etter kvart som konkurransen gjekk seg til. Cato Hansen og Bjørnar Holmvik var dei Brann-spelarane som meistra brettet best.

Også nemnde Haugsdal, Kenneth Udjus og Håkon Opdal fekk etter kvart bra fart på sakene.

Bambi på isen

Dagens mest sporty var nok likevel Diego Gustavinho, som var tydeleg engsteleg for å gi seg i kast med det våte element, og som med avgrensa norskkunnskapar ikkje fekk med seg så mykje av instruksjonane på førehand.

Det vart litt Bambi på isen før den vesle teknikaren gjekk hovudstups i vatnet på Mastrevik. Gustavinho fekk likevel mykje applaus når han sømde til land igjen utan brettet sitt.

Dette tok Udjus over, men då var forspranget fram til motstandarane allereie for stort.

Finalen i konkurransen stod mellom Bjarte Haugsdal, Yaw Amankwah og Cato Hansen på eitt lag og Håkon Opdal, Bjørnar Holmvik, Birkir Már Sævarsson og Petter Vaagan Moen på det andre. Dette vart ein spennande batalje.

Masseslagsmål

Det lyseblå laget (lag 2) låg lenge klart best an, etter at Bjørnar Holmvik hadde send Cato Hansen til høgre og brettet hans langt til venstre midt ute i hamnebassenget.

Men dei kvite kom sterkt tilbake, og med Hansen også på siste etappe vart det eit beinhardt spurtoppgjer mellom rogalendingen og islendingen Birikr Már Sævarsson.

Hansen såg ut til å kryssa mållinja først, men før nokon kom så langt var alle medlemmane frå dei to laga i vatnet og øydela for kvarandre. Det vart reine masseslagsmålet i fjøresteinane på Mastrevik, til stor glede for dei mange publikummarane som hadde møtt fram.

Kvitskjortene jubla for sigeren, men om dei nokon av laga nokon gong kom i mål på lovleg vis er vel heller tvilsamt. Moro var det i alle fall.

Fornøgde Brann-spelarar

- Det vart nokre fightar, men det er berre moro. Har aldri prøvd dette her før, men det var veldig gøy, seier Haugsdal etter harde tak i vatnet.

Eirik Bakke tok ikkje del i stafetten, men storkosa seg med havrafting.

- Ikkje så mykje bølgjer, men det gjekk i alle fall fort. Har aldri vore her ute før, men det er utruleg flott her. Anbefalar alle å ta turen til Havsportveka, seier Bakke.

Også keeper Håkon Opdal er strålande fornøgd med dagen på Austrheim.

- Det er veldig kjekt for oss å koma oss ut frå Bergen og læra kvarandre å kjenna utanfor fotballbana. Dette veks vi på, og det kjem til å verta bra utover hausten, seier sisteskansen.

Artikkeltags