– Å legge fleire hundre båtplassar i sjø og på lager i Øksnesmarka, verkar ulogisk og lite framtidsretta.

Skaper splid: Bruken av naturområdet Øksnesmarka er framleis ei heit potet i Austrheim. Med knapt fleirtal er det vedtatt i kommunestyret at området skal regulerast som næringsområdet.

Skaper splid: Bruken av naturområdet Øksnesmarka er framleis ei heit potet i Austrheim. Med knapt fleirtal er det vedtatt i kommunestyret at området skal regulerast som næringsområdet. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarKanskje vi skal seie som eigedomsmeklarane når dei skal vurdere verdien på salsobjekta sine: «Beliggenhet, beliggenhet og beliggenhet.». Når det står om Øksnesmarka, gjeld det verdiar i notid, men aller mest i framtid.

Dei om har gått stiane i Øksnesmarka, og det er mange, og dei som har gått med båt langs strendene frå Åråsvågen ut mot Øksneset, kan seie noko om verdiane som ligg her.

Dei som har sansen for urørt natur, dei som veit at eit variert dyre- og fugleliv treng plass og ro, og dei som har kjent på behovet for å søke naturen for å fylle batteria sine, alle desse gruppene veit kva det er vi kan miste. Det tar kort tid å rasere eit område som Øksnesmarka. Hundreår å rette opp. Breie vegtrasear og ikkje minst stygge sår etter steinuttak fleire plassar i kommunen, viser oss kva vi heilt sikkert vil få slik planane blei presenterte i siste kommunestyremøte.

Dei som har jobba for å profilere kommunen som plassen for folk og familiar som søker tilgang til nære naturopplevingar på land og sjø, kan berre gremme seg over vedtaket i kommunestyremøte 22. februar.

Heile Arbeidarpartiet og to frå Høgre røysta for å bruke Øksnesmarka til industri på svært usikkert grunnlag. For Venstre verkar det logisk å bruke ferdig opparbeidde tomter ved Mongstad-krysset til vidare industriutvikling. I Mongstad-området ligg og djupvasskaiar og lett tilgang til sjø. I tillegg vil bedrifter som etablerer seg i Mongstadområdet dra nytte av det varierte bedriftslivet i området og omstillingsdynamikken som mellom anna ligg i TCM (Teknologisenter Mongstad), der algeutviklingsprosjektet kan vere eit godt og lovande eksempel.

Det er vidare naturleg å tenke seg Mastrevikane som framtidig areal for båtservice. Her finst frå før båtplassar, slipp, store hallar og eit samarbeid med vidaregåande skule kan og vere eit poeng. Å legge fleire hundre båtplassar i sjø og på lager i Øksnesmarka, verkar ulogisk og lite framtidsretta.

Vi treng arbeidsplassar. Det som låg som grunnlag for kommunestyresak om Øksnesmarka i kommunestyret 22. februar var utbygging av lagerhallar og båtplassar. Dette vil gi oss svært få, om nokon sikre heilårsarbeidsplassar. Det finst andre og store interessentar, meiner ordføraren. Ingenting av dette er lagt på bordet. Dei mange arbeidsplassar som skulle komme då Vardetangen skulle gjerast om til industriområde, blei det ingenting av, heldigvis. Industri bør samlast i eigna område. I Austrheim finst slike område.

Venstre meiner at vi av og til må tole naturinngrep for å etablere seriøse bedrifter med langsiktige perspektiv. Vi kan snakke med mongstadfolk om det. Når vi skal gå inn i slike kompromiss, må vi ikkje berre sjå på dagen i dag, vi må tenke på framtida. Framtida for oss som bur her, for ungane våre, og for alle dei som skal velje å komme hit og etablere seg, både med arbeidsplassar og med familie. Urørte naturområde er avgrensa ressursar.

Vi er glade for at også KRF og deler av Høgre støtta det balanserte og velgrunna forslaget til vern av Øksnesmarka som administrasjonen i kommunen fremma på kommunestyremøtet 22. februar. Vi vil oppfordre folk til å støtte Naturvernforbundet sin underskriftskampanje. Fleire hundre har alt gjort nettopp det.

Øksnesmarka må vernast og bli eit rekreasjonsområde for alle, no og i framtida.

Artikkeltags