115 husstandar i Austrheim måtte klara seg utan straum i natt

Stoplar skapar problem for BKK.

Stoplar skapar problem for BKK. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Medan det var opphaldsvêr i Bergen, snødde det kraftig helt ytst på kysten søndag. Dette har skapt store problem for BKK.

DEL

Søndag kveld mista ei rekke BKK-kundar straumen helt ytst i Øygarden, Gulen og på Austrheim, samt på Radøy.

På det meste var rundt 2500 utan straum. Måndag kveld var 239 kundar straumlause.

Tysdag morgon var straumen framleis borte i Gulen og nord i Austrheim, men golværingane har fått straumen tilbake i løpet av tysdag føremiddag.

På grunn av tung is på høgspentlinjer i Austrheim er feilrettinga omfattande, og fleire stolpar er rive ned, skriv BKK på sine sider.

Klokka 12 er framleis 37 kundar i Austrheim utan straum.

37 kundar i Austrheim er framleis utan straum, to dagar etter at straumen forsvann.

37 kundar i Austrheim er framleis utan straum, to dagar etter at straumen forsvann. Foto:

– Det er to feil på anlegget på Krossøy og Kårøy. Der ventar vi på eit aggregat som blir flydd ut til Krossøy. Det har tatt tid å fikse feilen, fordi det er omfattande skade på anlegget. Heile linja ligg i bakken og masta er knekt, seier Anne Mette Tuvin, kommunikasjonsrådgivar i BKK.

BKK har varsla kommunen og beredskapsleiinga er klare over situasjonen.

– Det er spesielle vêrforhold ute i øyene har gjort at snøen har pakka seg rundt anlegga og blitt til is. Det er krevjande å komme til for å få oversikt.

Det er ein del hytter i område, men somme fastbuande. Tuvin tilrår dei å nytte alternativ oppvarming eller å oppsøke andre som har straum, for BKK veit framleis ikkje når straumen kjem attende.

Våt, tung snø

Årsaka til straumbrota var eit kraftig snøfall.

– Snøen som kom var våt, og temperaturane var rundt frysepunktet. Dermed pakka snøen seg som is rundt straumleidningane, seier kommunikasjonsrådgivar Jarle Hodne i BKK til BA.

Isen har etter kvart blitt så tung at leidningane har falle ned. Fleire stadar har dei også tatt med seg mastene.

– Det er store skader, og mange av plassane er lite tilgjengelege. Fleire stadar er berre tilgjengelege med helikopter eller båt, seier Hodne.

Han opplyser at dei har hatt ekstra mannskap ute heile måndag, men at arbeidet vart innstilt da mørket kom, på grunn av tryggleiken.

– Vi har ikkje klart å få straumen tilbake overalt. Ein del av kundane må dessverre gå straumlause gjennom natta. Desse er varsla, sa Hodne til BA, måndag kveld.

Det største straumbrotet er helt ytst på Austrheim. Her må minst 115 husstandar klare seg utan straum til tysdag. BKK hadde eit aggregat på veg som kunne hjelpe nokon av husa, måndag kveld.

– Vi har fleire aggregat ute, og eit på veg til Austrheim. Håpet er at nokon av desse som er utan straum kan få dette tilbake, seier Hodne.

Kommunar varsla

Råda BKK gjer til dei som ikkje har straum eller alternativ oppvarming som peis eller liknande, er å halda så godt som mogleg på varmen i minst eitt rom ved å lukka dører og ventilar.

– Dersom det blir for kaldt må ein jo vurdera å oppsøka andre som har straum. Vi har også varsla kommunane som har innbyggarar som må gå utan straum i natt, slik at dei er klar over det, seier Hodne.

Mange av husstandane som er råka er hytter, men Hodne seier det også dessverre er ein del fastbuande.

– Dette er veldig beklageleg.

Artikkeltags