Ber innbyggarane følga med – Kommunalt rekningsrot

DEL

Fleire kommunar i Nordhordland har i år skifta leverandør for fakturering.

No melder kommunane sjølve at det på langt nær har gått knirkefritt for seg.

Ved utsending av fakturaer no i april viser det seg at ein del rekningar har enda hjå feil personar.

– Pass difor på at dei kommunale rekningane du betaler, er stila til deg og din husstand, skriv difor kommunane på sine nettsider.

Dette gjeld kommunane Fedje og Austrheim.

Austrheim kommune skriv at du må ta kontakt med kommunen dersom du oppdagar at du har fått ein faktura som ikkje skulle til deg. Det same gjeld om du oppdagar at du ikkje har fått ei rekning du skulle ha hatt, til dømes barnehage eller kommunale avgifter, som skal ha forfall 30. april.

Artikkeltags