Alle elevar som ønskjer det skal få prøva seg på havsport ved Austrheim VGS. Eit nytt programfag vinkla spesielt mot havsport er på plass frå hausten.

Det nye programfaget er tatt frå idrettsfaglinja og heiter eigentleg friluftsliv. Men ved Austrheim VGS vil faget verta vinkla inn mot havsport.

Linja vil mellom anna tilby kajakkpadling, kanopadling, segling, seglbrett, fridykking, klatring og surfing. Faget byggjer på læreplanen for friluftsliv og vil dermed også innehalda lærdom om turplanlegging og førstehjelp.

Dessutan vil elevane få moglegheit til å ta ein del sertifikat, som til dømes båtførarprøve, padlesertifikat, fridykkar-sertifikat og liknande.

- På den måten sikrar vi oss eit godt fagleg opplegg, fortel Espen Foseid Aakre, som er ein av to lærarar som vil ha hovudansvar for faget.

Han legg til at skulen vil samarbeida tett med dei ulike klubbane som står for sertifisering i dei ulike aktivitetane. Lærarane er allereie i gang med kursing for å bli godkjend til å sertifisera elevane.

Stor interesse

Rektor Magnus Kvingedal seier det er heilt naturleg for skulen å oppretta eit slik tilbod, med tanke på skulen si plassering ved sjøen.

- I tillegg er Havsportveko etablert her i kommunen. Arrangementet i sommar viste at det er stor interesse for denne typen idrett, spesielt blant ungdom, seier han.

Også tilbakemeldingane frå rådgjevarar frå grunnskulen peikar på det er stor interesse for denne type fag. Allereie har 15 av elevane som no går på skulen søkt på programfaget, og det er framleis plass til nesten det dobbelte.

- Vi trur at dette faget kan trekkja elevar også frå andre område enn der vi rekrutterer frå i dag, seier Espen Foseid Aakre.

For alle

Per no er det berre dei som går studiespesialisering som kan søka om å ta dette faget, men skulen ønskjer at også yrkeselevane skal nyta godt av faget ved at dei kan bruka utstyret.

- Alle elevar vil få ta del i opplegget, mellom anna gjennom kroppsøving, aktivitetsdagar, elevutflukter og liknande, forsikrar Aakre.

I tillegg vert det jobba med eit samarbeid med linja ”restaurant og matfag”, som vil få nytte av havsportlinja sin fangst frå havet.