Allereie ein suksess

Artikkelen er over 10 år gammel

Havsportveka i Austrheim.

DEL

Berre eit par dagar inn i den aller første Havsportveka nokon gong arrangert i Austrheim er arrangementet ein kjempesuksess. Alle kurs er fulle, og tilbakemeldingane er berre positive.

- Dette går over all forventning, seier Odd Arne Blindheim, ein av arrangørane som torsdag ettermiddag sjølv fekk prøva seg på ein av aktivitetane Havsportveka tilbyr: Segling.

- Kjempeflotte forhold og veldig moro, er konklusjonen etter turen i havseglaren.

Eldsjel og arrangør frå Austrheim kommune, Helge Dyrkolbotn, er ikkje mindre begeistra over dei første dagane av Havsportveka.

- Opningskvelden onsdag var ein kjempesuksess med 200 menneske på quiz i Havcampen. Suksessen vart følgd opp med fulle kurs heile torsdag, og 200 i teltet på kvelden. Heilt fantastisk bra, seier han til Nh.

50 til gourmetmiddag

Heile 131 personar deltok aktivt på dei ulike aktivitetane på Austrheim torsdag. I tillegg var det 50 gjestar og åt dei skreddarsydde gourmetmiddagane til Michael Lundmark frå Solund Bryggje på kvelden.

Med 200 menneske samla til konsert og hygge i teltet på Havcampen også denne kvelden, kunne arrangørane konstatera suksess allereie før helga.

- Det er utruleg kjekt å sjå at så mange vil vera med på dette her. Folk frå heile Nordhordland er på plass, og vi har deltakarar som har kome langvegsfrå også. Dei med lengst tur kjem heilt frå Sverige, fortel Dyrkolbotn, som samstundes rettar ei stor takk til alle dei frivillige som har stilt seg til disposisjon for å få arrangementet til å gå som det skal.

- Regionalt samarbeid

Havsportveka samlar havsportklubbar, interesseorganisasjonar og firma frå heile Nordhordland, Gulen og Bergen. Med på arrangementet er også det lokale næringslivet.

- Dette her er regionalt samarbeid på eit skikkeleg godt plan, seier ein fornøgd Dyrkolbotn.

Også Blindheim trekkjer fram det gode samarbeidet og den store innsatsen til dei mange frivillige i området. Han legg ikkje skjul på at han er imponert.

- Apparatet er enormt bra, og innstillinga er herleg. Folk er positive og ting løyser seg bra. Det er litt av kulturen her det, skryt han.

Fulle kurs

Torsdag var det aktivitet over store delar av Austrheim. Frå kaien på Mastrevik gjekk det ut Rib-turar i eitt med folk som ville på havrafting. Inne i rolegare farvatn var det både jollesegling, brettsegling og kajakkpadling.

I straumane held dykkarane det gåande, både med og utan kunstig surstoff, og ute der vinden tek godt skaut havseglarane god fart.

- Alle kurs var fulle torsdag, og særleg seglinga var populær. Og så Rib`en då, der tok det nesten heilt av, fortel Dyrkolbotn.

- Det er viktig å få med at vi har utruleg dyktige instruktørar, og tilbakemeldingane vi har fått er forbausande gode. Ingen har sagt noko negativt enno, seier Blindheim.

- Nokre utfordringar

Eit stort arrangement som Havsportveka byr alltid på utfordringar, men då Nh snakka med arrangørane fredag hadde det enno ikkje skjedd nokre uhell.

- Vi merkar oss jo ting undervegs som vert tatt med i evalueringa, og som kan gjerast betre neste år.

- Påmelding er alltid ei utfordring, og det å gjera tilboda familievenleg og tilgjengeleg for folk i alle aldrar. Vi kunne også ønska oss betre kommunikasjonstilgang, men utover dette har ting gått veldig bra, seier Blindheim.

Nh kjem tilbake med meir frå Havsportveka over helga.

Artikkeltags