2300 deltok under Havsportveka

Artikkelen er over 10 år gammel

- Over all forventning.

DEL

Ialt 551 personar deltok på ein eller fleire av arrangementa under Havsportveka i Austrheim førre veke. Medrekna quiz, dans og konsert er talet oppe i nesten 2300.

- Noko slikt hadde vi ikkje eingong våga å håpa på. Heilt fantastisk, seier Helge Dyrkolbotn i arrangørgruppa av Havsportveka til Nh.

Ikkje mindre enn 551 personar deltok på ein eller fleire av dei 14 aktivitetane som var sett opp i løpet av Havsportveka. I tillegg var det 1500 menneske innom eit eller fleire av kveldsarrangementa i Havcampen.

Under familiedagen søndag var det 50 deltakarar, og i løpet av helga har åtte tekniske arrangørar og 80 frivillige vore i sving rundt om i Austrheim.

På Havcampen vart det i løpet av veka servert 450 middagar, og i tillegg var 170 gjestar innom og åt gourmetmiddag i løpet av arrangementet.

- Det har vore ei heilt super veke, og folk har hatt det kjempegøy. Vi kan også med glede konstatera at vi ikkje har hatt nokon skader eller uhell i løpet av veka, seier Dyrkolbotn.

Havsportveka er rett og slett ein kjempesuksess, og Dyrkolbotn takkar særleg instruktørane og dei som har jobba dugnad for eit fantastisk arrangement.

- Vi har hatt eventyrlege instruktørar, rett og slett enormt dyktige folk. I tillegg har dugnadsinnsatsen vore av ei anna verd. Vi hadde faktisk ei mor og ei dotter frå Leiknes som reiste ut her kvar dag etter jobb og jobba dugnad til midnatt. Det er heilt supert at det går an, seier Dyrkolbotn, som allereie gler seg til neste år.

Artikkeltags