Austrheim kommune stenger for all camping og gjestehamner

3. april vart det bestemt at campingplassar, bubilcamping og gjestehamner for fritidsbåtar i Austrheim kommune skal vere stengt.

DEL

Fredag hadde formannskapet i Austrheim kommune møte der dei mellom anna diskuterte campingforbod.

Under møtet vedtok kommunen å stenge alle campingplassar, bubilcamping og gjestehamner i samband med koronaviruset.

– For å førebyggje og hindre smitte av Covid-19, samt avgrense belastning på helse- og omsorgstenesta, ser kommunelegen det naudsynt å vedta ei forskrift som stenger campingplassar, bubilplassar og gjestehamner for fritidsbåtar i Austrheim kommune, står det skrive i saksopplysinga.

Under møtet vart det vist til helse- og omsorgstenesta si sårbarheit.

– Kommuneoverlegen ser det som ein risiko viss det kjem overnattingsgjestar på campingplassar, bubilar og gjestehamner. Det vil kunne vere smitterisiko, og ei potensiell belastning for helse- og omsorgstenestene.

Kommunen opplyser om at eigar av campingvogner og liknande kan utføre naudsynt vedlikehald eller tilsyn ved dagsbesøk.

– Pålegget om stenging gjeld ikkje utleige av hytter, leilegheiter, campingvogner eller liknande med eige bad/wc/kjøkken til personar som blir tildelt midlertidig bustad gjennom kommunen sine tenester, eller som nyttast til pendlarbustad i samband med yrkes- og arbeidsutøving.

Forskrifta trer i kraft straks, og gjeld inntil vidare.


Artikkeltags