Den kommunale kriseleiinga i Austrheim kommune har oppheva den lokale koronaforskrifta, i likskap med kommunane Alver og Bergen.
Den lokale forskrifta med koronatiltak vart oppheva frå måndag 7. desember klokka 10.00.
- No går smittetala nedover i Bergen, og det er grunnlaget for at byen og kommunane rundt kan løyse opp på tiltaka, skriv kommunen.
Under kan du sjå reglane som no gjeld i Austrheim kommune:
Dei nasjonale korona-tiltaka:
Det aller viktigaste:
- Hald avstand.
- Hald hendene reine, med handvask eller handsprit.
- Hald deg heime dersom du er sjuk, og ikkje send born i barnehage eller skule dersom dei har fått symptom på luftvegssjukdom.
- Hald nede talet på personar du møter.
- Ha mål om to meters avstand, så er det lettare å klare minst ein.
- Skal ein klare å oppretthalde dette tiltaksnivået, er det viktig at alle er nøye med å etterleve råd og reglar. Vaksinering kan starta tidleg i 2021, men det vil ta tid før ein får effekt.
I private heimar, og sosial kontakt:
- Det er tilråding om å ha maksimalt 5 gjester i tillegg til dei du bur saman med. Er alle gjestene frå same husstand, kan ein vere fleire.
- Barnehagebarn og barneskulebarn kan vere saman med sin kohort også på fritida.
- Unge og vaksne som veit at dei har vore i situasjonar der dei ikkje har klart å halde minst ein meters avstand, bør ha minst to meters avstand dersom dei besøker personar i risikogruppene.
Besøk på Nordliheimen:
- Ta kontakt med Nordliheimen for å få vite om kva som gjeld. Alle besøk skal avtalast på førehand.
Reiser i utland og innland:
Karantene og isolasjon:
Kollektivreiser:
- Ha minst ein meters avstand.
- Unngå å reisa i rushtida.
- Både på buss og i drosje bør ein bruke munnbind, særleg om det er vanskeleg å halde avstand.
- Etter avtale med arbeidsgjevar kan heimekontor vere ei løysing for å redusera smitterisikoen.
Arrangementer og samankomstar
Det er ei rekkje krav til gjennomføring av arrangement, med ulikt tal for kor mange deltakarar ein ha ved ulike arrangement:
- Maks 20 deltakarar på privat samankomst når dette skjer på offentleg stad i leigde eller lånte lokale.
- Maks 50 deltakarar på offentleg arrangement, utan fastmonterte sete.
- Maks 200 deltakarar på offentlege arrangement med fastmonterte sete innandørs.
- Maks 600 deltakarar på offentlege arrangement med fastmonterte sete, utandørs.
- Det er i tillegg krav om ein meters avstand mellom deltakarane, oppnemning av ansvarleg arrangør og registrering av gjester. Austrheim kommune har eit eige skjema for slik registrering, sjå på denne lenka:
Les elles meir om arrangement og samankomstar hjå Helsenorge.no: - Serveringsstader: Desse kan halda ope, men må følgja reglar om skjenkestopp ved midnatt, og kan ikkje sleppa inn nye gjester etter 22.00. Vidare er det reglar om avstand og registrering, og Austrheim kommune har eit eige skjema for registrering, sjå på denne lenka:
Sjå meir om reglane for serveringsstader hjå Helsenorge.no. - Idretts- og fritidsaktivitetar: Barn og unge under 20 år har unntak frå regelen om 1 meters avstand, og kan nytte felles utstyr på treningane.
Kjelde: Austrheim kommune/Regjeringen.no
Kommentarer til denne saken