Gå til sidens hovedinnhold

AstraZeneca-vaksinerte blir åtvara om moglege farar

Personar som har fått AstraZeneca-vaksinen og som får blåflekker og hudblødingar, må kontakte lege med ein gong, ber Legemiddelverket og FHI.

– Det kan vere et alvorleg teikn på nedsett mengd blodplater, sa Sigurd Hortemo i Statens legemiddelverk på ein hasteinnkalla pressekonferanse i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) laurdag.

Oppfordringa gjeld personar under 50 år som er vaksinert med AstraZeneca dei siste 14 dagane, og som opplever auka sjukdomskjensle med fleire blå flekker (hudblødingar) meir enn tre dagar etter vaksinasjon.

– Desse må oppsøke fastlege eller legevakt så snart som mogleg, heiter det i ein pressemelding frå FHI.

Éin død, tre på sjukehus

Fredag blei det kjent at ein kvinne i 30-åra hadde døydd som følgje av hjernebløding på Tynset, ti dagar etter at ho blei vaksinert med koronavaksinen frå AstraZeneca. Det er foreløpig uvisst om det er ein samanheng mellom vaksinen og det ikkje venta dødsfallet.

Laurdag kom det meldingar om at tre yngre helsearbeidarar var lagt inn på Oslo universitetssjukehus med blodpropp eller hjernebløding. Alle tre hadde fått AstraZeneca-vaksinen.

– Felles for desse pasientane er at dei har hatt nedsett mengd blodplater i blodet. Blodpropp og påfølgjande hjernebløding er ein sjeldan tilstand, opplyser FHI.

– FHI har sett AstraZeneca vaksinen på pause i koronavaksinasjonsprogrammet. No er det Legemiddelverkets rolle å følgje opp desse mistenkte biverknader og gjennomføre nødvendige tiltaka i denne alvorlege situasjonen, seier Geir Bukholm, smitteverndirektør ved FHI.

– Vær oppmerksam

Det er først og fremst helsearbeidarar som er blitt vaksinert med vaksinen frå AstraZeneca. Både Legemiddelverket og FHI ber helsearbeidarar under 50 år vere spesielt oppmerksame på biverknader etter vaksinen.

– På grunn av alvoret undersøker vi no dette grundig, seier Hortemo.

Europeiske legemiddelmyndigheiter (EMA) vurderer no om det kan vere ein samanheng med koronavaksinane. Foreløpig er det ikkje komme nokon konklusjon.

FHI sette torsdag AstraZeneca-vaksinen på pause mens utgreiinga går føre seg.

Også Danmark, Island, Thailand og Bulgaria har sett bruken av AstraZenecas vaksine på vent, mens Austerrike, Italia, Estland, Latvia, Litauen og Luxembourg har stoppa bruken av vaksine frå bestemte parti.

Fredag blei ein kraftig allergisk reaksjon lagt til på EUs liste over moglege biverknader frå AstraZenecas koronavaksine.

Ekstremt sjeldan

– Eg vil seie at dette er ekstremt sjeldne hendingar og denne vaksinen er brukt på fleire titals millionar menneske og bortsett frå tilfella i Norge, Danmark og Austerrike, så er det ikkje rapportert om slike hendingar, seier Hortemo til TV 2.

På spørsmål på kva folk som er engstelege, no bør tenke, svarer han:

– Då den (vaksinen) blei tatt i bruk i Norge, var det på bakgrunn av studiar som viste at den var effektiv. Dei skal vite at det ikkje er etablert at desse problema skuldast vaksinen, seier Hortemo.

Verdsorganisasjonen for helse konkluderte fredag med at det ikkje er nokon grunn til å stanse bruken av AstraZeneca-vaksinen.

Fagdirektør Steinar Madsen i Legemiddelverket seier til VG TV at han ikkje trur at disse hendingane vil få stor betydning for vaksineringen framover.

Kommentarer til denne saken