Åsane: Krasja i gjerde - ein blei sittande fast i bilen

To personar blei køyrd bort i ambulanse etter ulykka.

To personar blei køyrd bort i ambulanse etter ulykka. Foto:

Ei kvinne og ein mann blei køyrd bort i ambulanse etter ulykke i eit bustadfelt i Åsane.

DEL

(BA): Politi og brannvesen rykte ut til Morvik der ein bil køyrde utfor vegen og inn i eit gjerde utanfor eit hus. Ifølge operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen, var det eit eldre par som var involvert i ulykka.

Dei har komme inn i ein sving, tatt med seg eit gjerde og hamna i husveggen i ein bustad i Saudalskleivane, ifølge operasjonsleiaren.

– Den eine personen kom seg ikkje ut av bilen.

Brannvesenet var på staden.

– Vi drog bilen ut på trygg grunn og fekk begge dei involverte ut, seier vaktkommandør ved 110-sentralen Shahrooz Lahooti.

Ulykka blei meldt klokka 15.08.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken