Bergensavisen: Politiet rykker måndag kveld ut til ei naudmelding på Haukås.

Det er meldt om eit branntilløp i understellet på ein tilhenger til ein lastebil.

Vogntoget står i Steinestøvegen, og er lasta med bensin. Det står også i nærleiken av ein bensinstasjon.

E39 er stengt inntil vidare.

Brannvesenet er framme på staden, og melder om at det framleis er røykutvikling frå mellomakslingen på hengeren.

Brannvesenet skal ha kontroll på situasjonen, melder politiet.