Gå til sidens hovedinnhold

Arrangerte bilkortesje og minnestund til ære for Nicolai

Søndag møtte mange opp for å minnast Nicolai Øvrås Espetvedt, som er sakna etter ei vasscooterulykke i Salhusfjorden 16. april. Markeringa starta med ein bilkortesje frå Frekhaug, gjennom Knarvik, til Tellevik kystfort. Etter kortesjen var det minnestund der prest Håkon Kinsarvik talte, og dei frammøtte kunne legge ned roser og skrive nokre ord i ei minnebok.