Spennande møte med folkemusikk og kunst

Søndagskveld kan du oppleva eit flott møte mellom folkemusikk og kunstutstilling i Nordgardsløa på Frekhaug.

DEL

Det er Musikkens Venner og Nordhordland kunstlag har gått saman om eit spennande samarbeid med konsert og utstilling. Konserten byr på vakker folkemusikk frå Hordaland, mellom anna med vår eigen sopran Kjersti Wiik som aktør. Du får også høyra Laila Kolve på fløyter, Maria Toppe på hardingfele og Kristoffer Kleiveland på toradar.

Kunstutstillinga er gratis og open frå kl. 16-20.00. Du kan kjøpa billett ved inngangen til konserten, som startar kl. 18.00.

Artikkeltags