Arnvald (72) var med på å fjerna gardane på Mongstad

Søndag viste han barnebarna korleis oljeeventyret på Mongstad har utvikla seg gjennom 40 år.
Publisert
DEL

Raffineriet på Mongstad har 40-årsjubileum i 2015, og slikt skal sjølvsagt feirast. Søndag starta det med open dag på Statoil Mongstad Museet der både store og små møtte opp. 

– Eg var med på anleggsarbeidet, og var blant dei første som jobba her ute med boring. Deretter var eg med på kaibygging og køyrde vekk jorda før eg endte opp i fjellhallane og køyrde ut stein, fortel Arnvald Risøy - også kjend som tidlegare ordførar i Lindås for Krf. 

For hans del vart det ein kort karriere på Mongstad i frå 1973 til 1974, altså heilt i oppstartsfasen av industrieventyret.

– Eg ga meg i april i 1974, då var var grovanlegget ferdig bygd, seier Risøy.

SJÅ VIDEO: Kjell Dale syng om olja

    Sjå Kjell Dale synga om oljeeventyret

    Før oljeeventyret starta var landbruk og fiske næringsvegen her ute som langs resten av norskekysten. Men då raffineriet og alle installasjonene i tilknytning skulle reisast på byrjinga av 1970-talet, måtte ei rekkje gardar fjernast.

    – Ti-tolv gardar vart fjerna. All jorda vart fjerna og køyrd vekk. Der tankane står i dag låg gardsbruka, fortel Risøy. 

    Korleis reagerte bøndene?

    – Nokre var positive og nokre var negative. Eg kan godt forstå begge deler, seier den tidlegare Krf-ordføraren.

    Sjølv var det med blanda kjensler han var med på å fjerna gardsbruka til fordel for olje og industri.

    – Eg syntest ikkje det var så greit. Dei som reiste til Amerika hadde håp om å sjå gardane sine igjen, men her vart det rasert. Men for ettertida trur eg dei fleste innser at dette var naudsynt og bra for Nordhordland.

    Eg syntes ikkje det var så greit. Dei som reiste til Amerika hadde håp om å sjå gardane sine igjen, men her vart det rasert. Men for ettertida trur eg dei fleste innser at dette var naudsynt og bra for Nordhordland.

    Arnvald Risøy om kjensla av å fjerna gardane før Mongstad-utbygginga.

    – Må produsera olja i Noreg

    Søndag hadde Risøy med seg kone, sonen Cato og fire barnebarn på museet. Når Avisa Nordhordland møter familien, står dei ved ein modell over heile Mongstad-landskapet.

    – Utviklinga har vore enorm, får vi seia. Det var vel ikkje så mange som hadde sett føre seg at det skulle bli så mange ringverknader av raffineriet som det har blitt no, seier han.  

    Tidlegare Lindås-ordførar Arnvald Risøy hadde med familien då det var open dag på Statoil Mongstad Museet. Her med Cato Risøy og barnebarna Elise (13), Emma Sofie (11), Melissa (10) og Sara (10). Kona Anne Risøy står skjult bak. Foto: Trond Roger Nydal

    Tidlegare Lindås-ordførar Arnvald Risøy hadde med familien då det var open dag på Statoil Mongstad Museet. Her med Cato Risøy og barnebarna Elise (13), Emma Sofie (11), Melissa (10) og Sara (10). Kona Anne Risøy står skjult bak. Foto: Trond Roger Nydal

    Opp gjennom åra har det mange gonger vore knytt usikkerheit til framtida til raffineriet, slik det til dels er no etter at det vart kjendt at Statoil foreløpig ikkje vil raffinera olja frå Johan Sverdrup-feltet på Mongstad. Milliardar i investeringar kan dermed glippa for regionen.    

    – Det har mange gonger vore usikkerheit rundt Mongstad. Vi får håpe ein også denne gongen tek til fornuft. Vi må produsera olja i dette landet. Så lenge vi tek ho opp, må vi kunne klara å raffinera ho og foredla ho vidare, seier Risøy bestemt - og lyd som eit ekko av dagens Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (Krf).  

    Var det lett å få med barnebarna hit i dag?

    – Nokre hadde veldig lyst og nokre mindre lyst. Men eg trur det har blitt kjekt når dei har sett dette. No er det opp og få seg vaflar, smiler Arnvald og siktar mot andre etasjen der konene til Mongstad-veteranane styrer kjøkkenet.

    Adrian og Liam køyrde brannbil

    Museet vart etablert i 1990 av fem pensjonistar, dei første som gjekk ut av Statoil. I museumshallen viser ein heile utviklinga frå jordbrukssamfunn til gigantisk oljeindustri.  

    Alle raffinerimodellane heilt tilbake frå 1973 er stilt ut. Dette er dei identiske modellane som har vorte nytta under dei ulike utbyggingane, før moderne datateknologi tok over. 

    Ellers må museet vera som ein godtebutikk for godt vaksne menn. Turbinar, røyr, trykkmålarar og ei rekkje mekaniske installasjonar underteikna ikkje er i stand til å forklara korleis skal nyttast er stilt ut.

    – Alt som er her har vore brukt og utskifta på raffineriet, fortel Harald Hansen.

    71-åringen er ein av dei frivillige med lang fartstid på Mongstad som no jobbar frivillig for museet.

    For Adrian og Liam Toft var brannbilen høgdepunktet. Foto: Trond Roger Nydal

    For Adrian og Liam Toft var brannbilen høgdepunktet. Foto: Trond Roger Nydal

    Ei eiga brannavdeling, med den første brannbilen på anlegget, er sjølvsagt eit høgdepunkt for dei yngste.

    – Vi hadde tre like bilar som kom i 1973. Dette er vel den einaste som er igjen, og den har ei historie i seg sjølv, seier Hansen og fortel om bilens rundtur til Sunnhordland og flyplassen på Stord før han vart museumsgjenstad der han høyrde heime. 

    To som fatta interesse for raud bil søndag var Adrian (7,5) og Liam Toft (4).

    – Mannen min jobbar på TCM, og han ville visa barna litt om jobben sin. Men dei likte denne best, seier mamma Monica og siktar til brannbilen der dei to pjokkane har inntatt førarhuset.

    – Kva synes du om ein slik open dag?

    – Eg synes det er fantastisk og veldig kjekt. Det er mange eldre her, men det er viktig for born også å læra om historia, seier Monica.

    Nær 300 besøkande i alle aldrar var innom museet søndag.

    Tolv år i kontrollrommet

    Museumsentusiast Hansen har med eit kortare opphald jobba på Mongstad frå 1972 til 2002. Han var med på utbygginga av oljehallane, har jobba på verkstad og hatt tolv år på kontrollrommet - for å ta nokre av dei mange arbeidsoppgåvene. 

    Spesielt karriera på kontrollrommet er han stolt over.

    – Eg har aldri hatt ein så fin arbeidsplass som her. Det har vore veldig interessant. Tida i kontrollrommet var heilt utruleg. Då fekk eg jobba med å læra opp ungdom som kom inn. Det var veldig givande, seier 71-åringen.  

    Harald Hansen har ei lang karriere på Mongstad og er no ein av fleire pensjonistar som jobbar frivilleg for å formidla historia vidare på museet. Foto: Trond Roger Nydal

    Harald Hansen har ei lang karriere på Mongstad og er no ein av fleire pensjonistar som jobbar frivilleg for å formidla historia vidare på museet. Foto: Trond Roger Nydal

    Også han har tru på framtida. At olja skal skipast vekk frå Mongstad i framtida nektar han å tru på.

    – Eg trur ikkje på det. Olja kjem hit, og Sverdrup-olja må raffinerast. Eg trur ikkje Statoil let dette gå forbi, det er mitt syn, seier han.

    – Trur du dette handlar om politkk og kva rammevilkår Statoil skal ha av staten?

    – Eg trur det, eg har mine tankar, svarar han kort og smiler. 

    I dag jobbar rundt tusen arbeidarar i systemet til Statoil Mongstad. Nesten heile Nordhordland har eit forhold til raffineriet.

    – Det har betydd fantastisk mykje. Tenk berre på då eg var ung; du måtte reisa ut skulle du finna deg arbeid. Om du ikkje fekk jobb i BNT (Bergen Nordhordland Rutelag), hadde du ingenting. Då var det berre å reisa ut, sier Hansen som gjorde nettopp det.

    Han vart maskinist og jobba på ferje i BNR før han fekk ei lang karriere på Mongstad. Den beskriv han med eitt ord.

    – Kjempeflott!