Gå til sidens hovedinnhold

Arne Villanger, mannen som gav så mykje til så mange

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Var der ei tilstelling i Radøy, kunne me trygt rekna med at Arne Villanger var der, og lytta, tok del eller leia,- ja, det vil stå ein tom stol etter han lenge.

Arne Villanger, ei søyle i Radøysamfunnet, sovna inn 4. april, nær 92 år gamal. Det er heile 30 år sidan han fekk Radøysamfunnet si høgste utmerking, Kulturprisen, for innsatsen sin for folket på øynæ. Han gav seg slett ikkje då, men heldt fram med frivillig arbeid like til siste året. Og ikkje nok med lokal heider, også HM Kong Harald såg og verdsette innsatsen til Arne, og gav han Fortenstmedaljen då han runda 80-årsmerket.

Merittlista til Arne er så lang og innhaldsrik at det er krevjande å ramsa opp, og viktige element vil falla ut, for han hadde slik appetitt på livet, og han gav så mykje.

Slik sett er det like verdfullt å ramma inn minnet etter Arne med ord, så kan me kvar for oss velja det som fell nærast. Dugande bonde, med mange tilknytta næringsverv, norskdomsmann, målmann, ungdomslagsmann, folkedansar, - Arne og kona Randi var rotekte, framifrå folkedansarar, og Arne var med å starta Strilaringen. Den sterkt samfunnsengasjerte politikaren, -Arne var Venstremann heile livet, og har mange periodar bak seg i kommunestyret og kommunale verv. Kulturminnemannen,- Arne restaurerte Villangerkverna, og hadde årleg demonstrasjonar av maling av korn på gamlemåten for skuleklassar, dette understreka også hans evige, glødande engasjement for dei unge. Han underviste skuleklassar på Bogatunet ei veke kvar haust, og endeleg takkar me han for at han var med på å starta Hordabø skulemusikklag.

Arne var naturleg nok i bygdeboknemnda og i sogelaget, og har hatt ei hand med i fleire bokutgjevingar og skriftleg dokumentasjon om Radøysoga.

I over 50 år var det Arne som stelte Bauten gravplass og minnelunden ved kyrkja, då han røkta minnet etter dei som sette livet til under verdskrigen høgt. Kulturminnevern er også kulturarv, og det fall han naturleg å ha årelangt tilsyn med Syltastova. Engasjementet fôr vide, med utgangspunkt i kjærleiken til naturen og jorda var han leiar i agronomlaget ved Stend jordbruksskule i mange år. Dei seinare åra var det særleg Pensjonistlaget og Frivilligsentralen som fekk nyta godt av engasjementet hans, og bilen hans var kvar dag å sjå på vegane med levering av middagsmat.

Som samfunnsengasjert var han skrivefør og har jamt teke pennen fatt med innlegg i avisene om stort og smått. Og me minnest og saknar den gode samtalen med Arne,- vidsynt, klokt og gjerne med ein snert.

Me er så mange i Radøy som ærar det gode mennesket frå Villanger for alt han delte med oss og gav oss på livsferda si. Minnet etter Arne Villanger er lyst og fylt med takksemd.

Kommentarer til denne saken