(Bergensavisen / NH):

Klokka 12:52 vart naudetatane varsla om ei speedgliderulykke i Loen i Stryn.

Alle naudetatar rykte ut, i tillegg til redningshelikopter. Ein mann vart lokalisert i eit vanskeleg terreng på om lag 650 meters høgde. Speedglideren vart henta ut av terrenget av redningshelikopter. Han vart seinare stadfesta omkommen av legen i redningshelikopteret.

I ei pressemelding fredag kveld skriv politiet at den omkomne er 35 år gamle Arne-Christian Eide frå Alver kommune.

Politiet går ut med informasjonen i samråd med dei pårørande og etter deira ønskje.

– Tenker på alle som stod han nær

Eide var medlem i luftsportklubbar både i Bergen og på Voss.

– Det var med stor sorg eg fekk høyra at han var omkommen, seier leiar i Bergen hanggliding- og paraglidingklubb Terje Hopen til BA.

Han kjende Eide godt gjennom klubben, der 35-åringen tidlegare sat i styret.

– Arne-Christian var ein røynd og dyktig pilot og instruktør. Han var eit stort forbilde for mange i klubben, og ein god bidragsytar. Dette er eit stort tap for klubben og speedglidermiljøet, seier Hopen, og legg til:

– Våre tankar går til alle som stod han nær.

I 2021 laga Nordhordland ein reportasje om luftsportinteressa til Eide. Der fortalde han om samhaldet, naturopplevingane og kvifor han valde å oppsøka det ekstreme.

– Det å utfordra eigen frykt og overvinna høgdeskrekken er faktisk ein av motivasjonsfaktorane for å driva med dette, sa han til lokalavisa.

– Spinn på skjermen

Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt fortel at det var fleire andre til stade då ulukka fann stad.

– Då han ikkje landa på den avtalte staden, varsla dei politiet, fortel han.

Politiet opplyser til NRK at vitne observerte at mannen hadde ein vanskeleg «take off».

– Personen fekk spinn på skjermen, og så forsvann han ut av syne, seier dagleg leiar for Loen Skylift, Richard Grov, som raskt fekk vita om ulukka, til NRK.

Årsaka til ulukka er ukjend, og saka vil verta etterforska av det lokale politiet, som vil forsøka å klarlegga dette.

Kriseteamet i kommunen er kopla på for å hjelpa dei som var til stade.

– Heilt tragisk

Trond Nilsen er fagsjef for hang- og paragliding i Norges Luftsportforbund. Han kjende sjølv Eide gjennom luftsportmiljøet.

– Eg er ansvarleg for alle medlemmane våre, og det går alltid sterkt inn på meg når slikt skjer, uansett kven det er. Men det er klart at det kjem nærmare når det er folk ein har møtt mange gongar, seier Nilsen til BA.

Han opplyser at luftsportsforbundet har vore skåna for fatale ulukker i to og eit halvt år.

– Me hadde håpa at det skulle vare lenger. All luftsport er forbunde med ein viss risiko, som ein gjer sitt beste for å halde så låg som mogeleg. Dei fleste av oss synest at gevinsten opphevar risikoen, seier Nilsen, og held fram:

– Det er mogeleg å gjera dette trygt. Me har utøvarar som har halde på i over 40 år. Men når noko slikt som dette skjer, så er det berre heilt tragisk.