(BA): Kva gjer du om du er «godt vaksen», fotograf og full av idear for nye bokprosjekt – og allereie har gitt ut 15–16 bøker?

Fotballinteressert

Jo, då gjer du det ingen her på berget har prøvd før: Kontaktar gamle norske fotballstjerner, og spør om å få ein direkteprat om alle åra etter karrieren.

Arne Årseth er fotograf med eiget studio i Knarvik, og ein stor lidenskap for fotball.

Han greip moglegheita.

Og kor byrja så den store interessa for fotballen?

– Med Brann, sjølvsagt – som eg har følgt dei siste femti åra. Men også andre store fotballnamn gjorde inntrykk, spesielt dei frå 1970-talet. Eg studerte nøye kvar utgåve av bladet Fotballrevyen.

Når det gjeld boka, er det framleis eit stykke att, eller meir presist, ein del turar rundt i landet. Men Arne er godt i gang, og målet om «til hausten» ser ut til å halde.

– For eit par veker sidan drog eg til Sunnmøre og Romsdal. Eg hadde ringt på førehand og avtalt møte med fleire, forklarar Årseth.

Kjetil Hasund i Ulsteinvik, Harry Hestad, Erik Brakstad, Åge Hareide, Jan Fuglseth og Stein Olav Hestad – alle i Molde. Dei siste fem var dei som drog heile fotballeventyret i gang i Molde.

– Spesielt å få prate med Harry Hestad som var første proffspelar fra Molde i FC Den Haag i 1970 samman med Harald «Dutte Berg» frå Bodø.

Legenda i Ulsteinvik

Årseth trekk fram det hyggelege møtet med legenda Kjetil Hasund, far til tidlegare Brann-spelar, Geir Hasund. Du hugsar han som søkk Lillestrøm på Brann Stadion i den andre semifinalen i 1995?

– Kjetil Hassund enda karrieren med 460 mål på 646 kampar og var ein einar. Trass i at 80 er passert, er han utruleg sprek. Neste veke skulle han til Spania og spele golf, fortel Årseth, før han legg til:

– I Ålesund møtte eg og Helge Skuseth, sunnmøringen som blei seriemeister to gongar og bronsevinnar med Start.

I boka blir det fire sider om kvar spelar. Portrettintervju, bilde som Årseth sjølv har tatt – og ein del bilde utlånt av spelarane.

– No går turen sørover, til Haugesund. Der har eg avtalt møte med Åge Risanger, Per Haftorsen og Egil Severeide, kapteinen på Vard som tapte finalen mot Bodø/Glimt i 1975.

På sørsida av Boknafjorden blir det besøk hjå den gamle landslagskeeperen til Viking, Erik Johannessen - og på Jæren skal han innom Gabriel Høyland på Bryne.

Begynte med Brann

– Men det byrja her lokalt?

– Ja, eg kontakta Brann-spelar, Kjell Rune Pedersen, og så rulla ballen vidare. Helge Karlsen, Steinar Aase, Tore Nordtvedt og Atle Bilsback blei også med. Og så kom vi ikkje utanom Erik Just Olsen og Svein Gunnar Rein – dei to Os-stjernene som også spelte for Brann.

Og så må ein ikkje gløyme Askøy og Florvågs Trygve Johannessen som fekk fire seriemeisterskap og ett cupmeisterskap med Viking, og scora 181 mål på 312 kamper.

Johannessen, som fylte 70 for to veker sidan, fekk og to sesongar med Brann og 15 mål på 32 kampar.

Mykje mimring for alle som har følgt norsk fotball i nokre tiår, og kanskje kan ein og annan av dagens Brann-supportarar med den rundt 200 sider store boka, få eit lite innblikk i ei ukjent historie.