Mann frakta til Haukeland etter arbeidsulykke på Mongstad

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Klokka 13.30 melde politiet på Twitter om ei arbeidsulykke på Mongstad. Personen skal ha fått skadar i samband med bruk av ei boremaskin, og skadeomfanget er framleis ukjend.

Vedkommande er frakta til Haukeland sjukehus og politiet rykte ut like etter dei først fekk meldinga.

– Ulykka skal ha skjedd i 12-tida, og vi vart varsla klokka 13.30, sier operasjonsleiar Terje Magnussen i politiet til BA.

Ein mann skal ha fått buksa vikla inn i ein boremaskin, og meldinga er at han skal ha fått kuttskadar i beinet.

– Vedkommande er frakta til sjukehus med ambulanse. Det skal ha vore ein kollega som stansa boremaskina ved å kutte strømmen, seier Magnussen.

Artikkeltags