Klokka 13:34 rykte naudetatane ut til Mongstad etter ei arbeidsulykke. Politiet ser på det som ei alvorleg ulykke.
– Det er ein mann som skal ha falle ned frå eit stillas, og ned på betongdekke. Han er skada, men me veit ikkje skadegrad, seier Stine Mjelde ved politiet sin operasjonssentral til NH.
Industrivern på Mongstad tok hand om pasienten, og frakta han til Knarvik. Der venta ein luftambulanse som frakta mannen vidare, antagelegvis til Haukeland, fortalte Mjelde 14:30.
– Me veit framleis ikkje skadegraden, men pasienten skal vera bevisst.
Mannen skal ha falle ned frå eit stillas på Equinor Mongstad sitt område. Innsatsleiar er på staden for å undersøke fallhøgden.
– Det er snakk om betydeleg høgde, mellom 10 og 20 meter, seier Mjelde.
Har sikra åstaden
Det vart sendt ut store ressursar frå politi, brannvesen og helse til staden. Klokka 14:30 opplyser Mjelde om at politi er framme på staden.
– Me har kontakt med industrivern, og skal føreta vitneavhøyr og få klarheit i kva som har skjedd og kva arbeid som er utført. Me har sikra åstaden, seier Mjelde.
Identitet, alder og nasjonalitet er framleis ukjent. Politiet kan heller ikkje seia noko om kva selskap mannen jobba for, men ulykka skal ha skjedd på området til Equinor Mongstad.
Både Mastrevik og Kaland brannstasjonar rykte ut, men returnerte då Industrivern hadde kontroll på staden.
