Gå til sidens hovedinnhold

Arbeidsministeren bekymra for arbeidsløysa blant unge

38.500 unge under 30 år er registrert som ledige hos Nav. Arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fryktar at dei økonomiske seinskadane kan bli store.

Den registrerte arbeidsløysa blant aldersgruppa 20 til 24 år var i februar 6,7 prosent, medan delen heilt ledige for alle aldersgrupper samla var 4,5 prosent.

Arbeidsminister Isaksen fryktar at arbeidsløysa blant dei unge skal bite seg fast, og at utanforskapet skal auke, skriv Aftenposten.

– Dei eg er aller mest bekymra for, er dei unge som akkurat har fått ein fot innanfor arbeidslivet, seier Isaksen.

Mange av dei som er ledige no, har kortare utdanning. Ein tredel har grunnskule som høgaste utdanning og kjem frå yrke med låg lønn, skriv avisa.

Bit arbeidsløysa seg fast, vil dei økonomiske forskjellane auke ytterlegare.

Regjeringa har under pandemien mellombels opna for at ein kan kombinere dagpengar med studiar, noko Isaksen no vil endre permanent.

Les også

Brått vart Yvonne permittert – igjen: – Det skjer noko psykisk

Koronanedstenginga: Imponert over at bedriftene snur seg rundt og finn løysingar

Kommentarer til denne saken