186 fleire i jobb på eit år: Størst nedgang i Lindås

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I april 2018 var Austrheim den kommunen med høgast arbeidsløyse i Nordhordland (3,3 prosent). I heile Hordaland ligg Øygarden (4,5 prosent) og Fjell (3,7 prosent) høgast, viser ferske tal frå Nav.

Lindås var ein av tre kommunar i Hordaland med størst nedgang i arbeidsløysa med 105 personar færre enn for eit år sidan. Dei to andre var Bergen (ned 594 personer) og Stord (ned 123).

Masfjorden har kun 12 heilt ledige personar. Det svarer til 1,3 prosent av arbeidsstyrken, og er ein av kommunane med lågast arbeidsløyse, melder Nav. Det er Granvin (5 personer), Fedje (6) og Modalen (7) som har færrast tal ledige i heile fylket.

Gulen i Sogn og Fjordane har kun 20 ledige (1,6 prosent), som er rett over fylkessnittet.

Totalt i Hordaland er det 8108 heilt ledige. Det utgjer 2,9 prosent av arbeidsstyrken (-13,8 prosent frå samme periode i fjor). 1046 er helt ledige ungdommar under 25 år (-9,2 prosent), medan 156 ledige er under 19 år (-8 prosent).

Talet på heilt ledige i heile Hordaland er no på same nivå som i april 2015. 1510 hordalendingar har kome seg ut i jobb sidan april i fjor. Vi har no 7642 heilt ledige, som utgjer 2,7 prosent av arbeidsstokken, opplyser Nav i ei pressemelding.

– Situasjonen for arbeidssøkjarane er positiv og vi er på veg mot same nivå som vi hadde før krisa på arbeidsmarknaden, som råka Hordaland i 2014/2015, seier fungerande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen i pressemeldinga.


Kommune Antall ledige

april 2018 april 2017
Lindås 175 280
Meland 88 145
Radøy 85 94
Austrheim 48 63
Gulen 20 19
Masfjorden 12 10
Fedje 6 9
Modalen 7 7

Artikkeltags