Neste år får arbeidstakarar ekstra mykje fri – sjå korleis heilagdagane fell i 2019

17_mai Alversund

17_mai Alversund Foto:

Av

2019 skriv seg inn i historia som eit usedvanleg godt år når det gjeld ferie og fridagar. Sjå oversikta her!

DEL

Fremover: Alle dei rørlege heilag- og høgtidsdagane fell på vanlege vekedagar i 2019. Arbeidstakarar blir med andre ord ikkje «snytt» for fridagar som kunne hamna på ein laurdag eller søndag.

I tillegg fell mange av dei raude dagane rett før eller etter helga, noko som betyr at vi får fleire langhelger enn vanleg.

Sein påske

Den første fridagen i det nye året er 1. nyttårsdag tysdag 1. januar. Neste periode med raude dagar er påska, som derimot blir sein neste år.

Skjærtorsdag og langfredag fell på 18. og 19. april, og 1. og 2. påskedag er søndag 21. og måndag 22. april. Dermed får ein fem samanhengande dagar med fri – ei god moglegheit til å reise. I tillegg er det gode moglegheiter for ei varm og solrik påske, ettersom den fell såpass seint i 2019.

Langhelg ved 17. mai

Etter påska treng vi berre vente i ni dagar til neste fridag; 1. mai, arbeidaranes internasjonale kampdag, hamnar på ein onsdag.

17. mai hamnar på ein fredag – dermed blir det langhelg også i forbindelse med Norges nasjonaldag.

Kristi Himmelfartsdag blir markert 40 dagar etter påska, og fell i 2019 på torsdag 30. mai. Pinsen hamnar tett opp mot sommarferien, med 1. pinsedag på søndag 9.- og 2. pinsedag måndag 10. juni.

Mykje julefri

På lik linje med inneverande år, blir det også moglegheiter for mykje juleferie utan å ta ut mange fridagar i 2019. Julaftan hamnar på ein tysdag neste år.

Deretter følger 1. og 2. juledag på onsdag og torsdag. Med det får ein tre dagar samanhengande fri – dersom ein jobbar på ein arbeidsplass som gir fri på heilagdagar.

FULL OVERSIKT: HEILAGDAGAR 2019


Tyrsdag 1. januar: 1. nyttårsdag
Søndag 14. april: Palmesøndag
Torsdag 18. april: Skjærtorsdag
Fredag 19. april: Langfredag
Søndag 21. april: 1. påskedag
Måndag 22. april: 2. påskedag
Onsdag 1. mai: Offentleg høytidsdag
Fredag 17. mai: Grunnlovsdag
Torsdag 30. mai: Kristi Himmelfartsdag
Søndag 9. juni: 1. pinsedag
Måndag 10. juni: 2. pinsedag
Onsdag 25. desember: 1. juledag
Torsdag 26. desember: 2. juledag

Artikkeltags