Sjuk i ferien? Dette har du krav på

Om du skaffar ein legeattest på at du har vore 100 prosent sjukemeldt og såkalt arbeidsufør, har du ifølge ferielova rett til ny ferie.

Om du skaffar ein legeattest på at du har vore 100 prosent sjukemeldt og såkalt arbeidsufør, har du ifølge ferielova rett til ny ferie. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Alle har rett på 25 feriedagar kvart år og fem ekstra feriedagar om ein har tariffavtale. Men kva gjer du om du blir sjuk i ferien?

Feriedagane er ikkje naudsynt tapt.Om du skaffar ein legeattest på at du har vore 100 prosent sjukemeldt og såkalla arbeidsufør, har du rett til ny ferie etter paragraf 9–1 i ferielova.

Du kan krevje at eit tilsvarande tal feriedagar som ny ferie seinare same år. Men du må hugse å leggje fram kravet og legeerklæringa med ein gang du er tilbake på jobb.Om du er bortreist eller kanskje utanlands? Då kan det vere lurt å oppsøke ein lege der du er, for å få ei legeerklæring medan du framleis er sjuk.

Har du høyrt at du må vere sjuk i seks dagar for å ha rett til ny ferie? Det stemmer ikkje lenger. For fire år sidan vart ferielova endra, og no har du rett til ferie frå første sjukedag.

Kva gjer eg dersom eg vart sjuk før ferien?

Om du har blitt sjukemeldt før ferien kan du også krevje at ferien utsettast til seinare i ferieåret. I dette tilfellet er du også avhengig av ei legeerklæring på at du er heilt arbeidsufør, som du må levere til arbeidsgivaren seinast siste arbeidsdag før du skulle hatt ferie.

Kva for rettar og pliktar har eg?

Du har ei rekke rettar og pliktar i samband med ferieavvikling. Her er noko av det du bør vete:

• Du har krav på 25 feriedagar kvart år, ifølge ferielova. 18 av vyrkedagane har du rett på å ta ut innanfor hovudferieperioda, mellom 1. juni og 30. september. Du kan også å krevje å ta ut dei resterande sju dagane samanhengande same år.

• Du tener opp feriepengane året før, men du har også krav på ferie om du ikkje har tent opp feriepengar. Dette gjeld derimot ikkje om du har begynt i jobben etter 15. august same år.

• Har du tariffavtale får du fem ekstra feriedagar. Fyller du 60 år i løpet av året får du ein ekstraferie på seks vyrkedagar. Ferien kan du ta samla, som éin eller fleire dagar om gangen.

• Vyrkedagar er dagar som ikkje er søndagar eller lovbestemte helge- og høgtidsdagar. Det vil seie at laurdag er ein vyrkedag. 30 tariffesta feriedagar blir dermed fem veker ferie.

• Deltidstilsette har krav på same tal feriedagar, men kan ikkje krevje å dele opp ferien i enkeltdagar. Om du tar ferien samanhengande reknast dagane du normalt har fri som feriedagar. Arbeidsgivar skal likevel berre trekke feriepengar tilsvarande dagane du normalt jobbar.

• Du har rett og plikt til å avvikle full ferie, noko arbeidsgivar har ansvar for. Om du ikkje har opparbeida nok feriepengar til å kompensere for bortfallet av løn, kan du nekte å avvikle den delen av ferien som ikkje kompenserast for. Dersom arbeidsgivar avviklar fellesferie må du likevel godta ferie, sjølv om du ikkje får feriepengar.

• Arbeidsgivar har rett til å bestemme kva tid du skal ta ferie, men har samstundes plikt til å diskutere dette med deg i god tid før ferien og varsle deg som hovudregel to månader i forkant. Du kan likevel krevje å avvikle tre veker ferie i løpet av hovudferieperioda 1. juni til 30. september. Arbeidstakarar over 60 år bestemmer sjølv kva tid den ekstra ferieveka skal avviklast.

• Du kan inngå ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren din om å overføre inntil to veker ferie til neste ferieår. Dei tariffesta feriedagane kan overførast til neste år.

• Arbeidsgivar kan endre tida for ferien på grunn av uventa hendingar. Endringa kan berre gjennomførast når avvikling av den fastsette ferien vil medføre vesentlege driftsproblem, og det ikkje kan skaffast vikar.

• Dersom arbeidsgivar ønsker å flytte ferien din skal dette drøftast, og du har krav på å få med deg ein tillitsvald. Om flyttinga kostar deg dokumenterte meirutgifter kan du krevje utgiftene erstatta av arbeidsgivar.

Artikkeltags