Det er på eit 400 meter langt strekke som skal oppgraderast. Vegomlegginga startar ved rundkøyringa inn til Knarvik senter, politistasjonen, NAV og sjukeheimen.

Den oppgraderinga fører til endringar i gå- og køyremønster i Knarvik sentrum dei komande månadane.

Medan køyrande vil bli losa inn på ein mellombels veg frå rundkøyringa ved senteret, vil gåande bli losa utanfor anleggsområdet.

Skal ein til eksempel gå frå Knarvik senter til Reikeråsbygget, må ein gå anten frå undergangen ved Knarvik senter, via Kvassnesvegen ved Kvassnesstemma fram til Røsvikhaugane.

Eit anna alternativ er å gå rundt Kvernhushaugane og Stallane.

Delar av vegen som går rundt nedsida av Knarvik sjukeheim vil også vere stengd i denne perioden.