Arbeidarparti-hovdingen Ole Lysø er 80 år: – Politikk og fagrørsle har vore heile livet mitt

Det blir sagt at statsrådane passa ekstra godt på lommene sine når Ole Lysø var i hovudstaden. Dei sleit med å avvisa den mangeårige Austrheim-ordføraren på jakt etter midlar og grønt lys til viktige prosjekt i Nordhordland. Mannen med eit svært langt liv i politikk og fagforeningsliv runda 80 år onsdag 29. april.