Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Sjå føre deg at den tunge industrien i Odda, Høyanger eller Årdal slit med å sikra seg kontraktar, og sender ut permitteringsvarsel. I avisene fortel dei tilsette om uro for arbeidsplassane sine. Ville då representantar for SV, Raudt og Arbeidarpartiet med eit skuldertrekk ha konkludert med at dei er eit gissel for arbeidsgjevarane sine?
Ville ein finansminister frå Senterpartiet ha kalla det «støy» om folk i andre delar av norsk matproduksjon var uroa for om dei hadde arbeid etter nyttår?
Det er likevel akkurat dette som skjer i havbruksnæringa om dagen.
Mange ønskjer å gå for dei lettvinte forklaringsmodellane når historia om oppdrettsskatten skal forteljast. Dei viser til nyheitsoppslag om at havbruksnæringa går så det susar, for å kontra nyheitssaker om permitteringar i foredlingsindustrien. På den andre sida vert regjeringspartia framstilt som skattegriske austlendingar, som helst vil næringslivet langs kysten til livs.
La oss heller ta det steg for steg.
Aller først: Havbruksnæringa kan og bør bidra meir til fellesskapet enn det dei til no har gjort. Dette vil òg næringa truleg i stor grad akseptera, så lenge det skjer på ein fornuftig måte.
Problemet no, er at måten regjeringa har gått fram på, bryt med dei kanskje to viktigaste prinsippa i ansvarleg næringspolitikk: Føreseielegheit og bransjekunnskap. Fanden ligg som vanleg graven ned i detaljane.
Det største problemet for selskapa handlar om at regjeringa har varsla at dei vil bruka børsverdien til laks på den internasjonale aksjemarknaden Nasdaq som utgangspunkt for kva som skal betalast i skatt. Problemet er at det ikkje gir ein god gjennomsnittspris for laksen.
Den enkle forklaringa er at det er den beste, og dyraste kvaliteten, den som vert kalla «superior», som vert prisa på Nasdaq, og ikkje dei andre kvalitetane; «ordinær» eller «produksjonsfisk». Utfordringa for selskapa er at dei må anta at dei dermed må skatta for ein høgare pris enn det dei i snitt vil få for fisken dei avlar opp, som fordeler seg på alle dei tre kvalitetane.
Særleg er det ei utfordring med kva dei skal gjera med den lågaste kvaliteten – altså «produksjonsfisken» – som ikkje kan eksporterast rund, og har ein heilt annan pris. Dette er fisk med skavankar, men som likevel kan verta til god mat.
Det som gjer det vanskeleg å inngå kontraktar, er at ein risikerer å måtta skatta av ein langt høgare pris enn prisen ein faktisk får for fisken.
For «produksjonsfisk» kan forslaget få særs uheldige utslag. Det kan henda at det faktisk ikkje vil vera lønnsemnd i det heile på å selja fisken med dårlegast kvalitet. Enkelte har tatt til orde for at nedfrysing eller å mala produksjonsfisken til dyrefôr kan verta alternativet. Medan «superior» i stor grad vert eksportert rund og heil, er det dei andre kvalitetane som i størst grad vert foredla på norske fabrikkar. Fisk ein no er usikker på om ein vil tena pengar på.
Truleg vil det verta lettare å inngå kontraktar om ein går vekk frå å bruka Nasdaq som normpris og heller går for reell salspris. Då risikerer ikkje selskapa at skatten vert høgare enn inntektene. Og like viktig: Ingen kan leva med ei skatteordning som kan resultera i at mat til folk vert redusert til mat for dyr.
For aure og regnbogeaure finst det ikkje nokon Nasdaq-pris, så der er det uansett den reelle salsprisen som gjeld. For dei som driv med desse fiskeslaga, som til dømes på den nyopna fabrikken på Byrknes i Gulen, er utsiktene noko enklare enn dei som driv med laks. Likevel, som me i Nordhordland tidlegare har fortald, er også der framtidshåp snudd til uro.
Grunnen er at det er hefta stor uvisse til korleis ordninga med grunnrenteskatt faktisk kjem til å sjå ut. Når ein les høyringsutkastet til regjeringa, er det ikkje lett å verta klok på kva selskapa faktisk kjem til å få avdrag for, og ikkje. Logikken til alle som driv butikk, er at ein investerer for å tena pengar. Når kalkulatorane til selskapa viser at skattegraden kan hamna på over 85 prosent, er det ikkje mykje att til å investera for. Kvifor i alle dagar skal havbruksnæringa investera langs kysten når det er knytt så stor uvisse til om dei faktisk kjem til å tena pengar.
Denne uvissa er det regjeringa som har skapt, og regjeringa som må rydda opp i. Det første dei må gjera, er å gå bort frå prinsippet om at det er den finaste laksekvaliteten som skal danna grunnlag for kva selskapa skal betala i skatt. Utfordringa med dette er at det då vil vera lettare for selskapa å gjera tilpassingar som kan redusera skatten.
Det får så vera. For no bør regjeringa setta seg ned med bransjen for å komma fram til korleis ein kan få til ei skatteordning som begge partar og kysten kan leva med. Bransjen bør samarbeida, for den polariserte debatten viser at også dei har eit tillitsproblem. Løysinga ein bør komma fram til, er ei ordning der oppdrettsselskapa bidreg meir til fellesskapet enn i dag, men utan at det går ut over arbeidarane på fabrikkane.
I tillegg må regjeringa visa at dei ser verdien av ei næring som skapar arbeidsplassar langs kysten. Om dei tek seg ein tur til Gulen, Frøya eller Hitra, vil dei sjå ei næring som har lagt att store verdiar i lokalsamfunna.
No handlar det om å bygga opp att tilliten mellom regjeringa og kystnæringane. Det er viktig for arbeidsplassar langs kysten, men og viktig om regjeringspartia skal behalda arbeidsplassane sine i regjeringskontora i Oslo.

Stein Inge har tenkt på ideen i 30 år: Neste år kan fisken symja på land i Skipavika
Tror laksemilliardærene på det de sier selv?
