Kyrkjeutstilling for 7. klasse

UTSTILLING: 7b frå Årås skule fekk sjå kyrkja si jubileumsutstilling. Det var tydeleg til interesse for elevane. Foto: Øyvind Bjerkestrand

UTSTILLING: 7b frå Årås skule fekk sjå kyrkja si jubileumsutstilling. Det var tydeleg til interesse for elevane. Foto: Øyvind Bjerkestrand

Artikkelen er over 4 år gammel

Åråselevar fekk sjå historiske gjenstander frå Austrheim-kyrkjas historie.

DEL

– De får sjå om de klarar å finne ut kva ein messehakel er, seier Anny Bertelsen til elevane frå 7b på Årås skule som fredag 10. april var på kyrkjelydshuset på Austrheim og såg utstillinga i høve kyrkja si jubileumsfeiring. Bertelsen sit i jubileumsnemnda og fortalde elevane om dei forskjellige bilda og gjenstandane som er sett fram.

– Dette er ein messehakel, seier ein av elevane då dei finn lappen der det rare namnet står. Elevane har fått delt ut eit ark med 13 spørsmål som dei kan finna svar på ved å lese på lappane som fortel om dei forskjellige gjenstandane. Og for deg som lurte, ein messehakel er ei kappe presten brukar under høgtider og nattverd. Den eldste som står til utstilling er frå 1722.

LES OGSÅ: Ny kyrkje klar i 2018

Forskjellige gjenstandar

I tillegg til messehakel er det stilt ut både historiske bilde, biblar, bøker, prestekjolar, døypefont og mykje anna. Også ting ein gjerne ikkje har tenkt over fanst i kyrkja ein gong i tida.

– Dette er eit toalettskap som stod inne i kyrkja i tilfelle presten måtte gjere sitt fornødne, fortel Bertelsen. Då kyrkja først vart bygd var det nemleg ikkje sømmeleg for presten å gå ut å gjere frå seg same stad som resten av kyrkjelyden.

– Her er vaskefat med propp, såpeskål, ei lita toalettbøtte og potte nedst, seier Bertelsen.

– Slik brukar dei heldigvis ikkje i dag.

Det er også stilt ut ei rekke bøker, eit av høgdepunkta er ein bibel frå 1785.

– Det er utruleg flott å kunne stilla ut alle desse tinga. Mange av dei har sikkert også ganske høg verdi, fortel Bertelsen. Gjenstandane er både egne og lånte.

– Mange av gjenstandane har vi samla sjølv i kjellaren på kyrkjelydshuset, medan vi har fått låne mange andre ting som vi er svært takknemlege for. Blant anna har vi fått låne nokre flotte dåpskjolar, den eldste frå 1912 som familien framleis brukar, seier Bertelsen.

LES OGSÅ: Nyepresten innsett

Nøgde elevar

– Det ser ut som dei synest det er interessant, seier Bertelsen. Elevane frå Årås var rundt og såg og studerte dei forskjellige gjenstandane. Nokre av tinga var også meir eksotiske enn andre.

– Her er noko som er laga i Madagaskar. Kvar ligg Madagaskar, bryt ein av elevane ut. Dei vart til slutt einige om at Madagaskar ligg i Afrika, eller rettare sagt, ei øy utanfor Afrika. I tillegg til gjenstandane fekk elevane også sjå ein kortfilm om historia til Austrheim kyrkje.

Utstilling

Torsdag var siste dag av utstillinga med vanleg opningstid og Anny Bertelsen er godt nøgd med interessa frå folket.

– Eg har ikkje full oversikt, men det har vore folk her nesten kvar dag det har vore ope, seier ho.

– Eg trur det er flott for folket å sjå slike historiske tilbakeblikk frå kyrkja.
Utstillinga var i utgangspunktet ferdig torsdag, men det er framleis moglegheiter til å avtale besøk i april.

Artikkeltags