Antibiotikaresistens - vår tids største trussel

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Visste du at det finnast ein pandemi som er skumlare enn korona? Viss vi ikkje gjer meir for å stanse utviklinga av antibiotikaresistens, vil langt fleire liv kunne gå tapt – enn av kreft og korona til saman.

Koronaviruset har vore ein augeopnar. Tenk at eit så lite virus kan ramme eit samfunn, ei heil verd. Så dramatisk og så lenge. «Det kan då ikkje bli verre enn dette», seier mange.

Jo, det kan det. Antibiotikaresistens er koronavirusets farlegare storebror.

Antibiotikaresistens er også ein pandemi, som snik seg innpå oss som ein godt kamuflert fiende. På verdsbasis kan 10 millionar menneske døy om 30 år viss vi ikkje klarar å bremse utviklinga. Heldigvis er det ikkje for seint å prøve.

For snart 100 år sidan blei vidundermedisinen antibiotika oppdaga. Den skotske mikrobiologen Alexander Fleming forska på dei farlege bakteriane stafylokokker då han plutseleg fekk muggsopp oppi ein av forsøks-skåla. Til sin store overrasking såg han at bakteriane slutta å vekse, mens muggsoppen blei større og drap bakteriane.

Etter Flemings oppdaging blei det utvikla mange typar antibiotika av forskarar rundt omkring i verda. Stordomstida for antibiotikautvikling var på 1940-talet. I 1945 fekk Fleming og to kollegaer nobelprisen for oppdaginga av penicillinet og den lækjande effekten den hadde på ulike infeksjonssjukdommar. Uten antibiotika hadde enda fleire mista livet under andre verdskrig.

I dag står vi i fare for å miste det mest dyrebare våpenet vi har. Antibiotika har dei siste tiåra blitt brukt i for stor grad, og ofte unødvendig. Det ha ført til at bakteriane har byrja å utvikle sitt eiget forsvar. Vi kallar det antibiotikaresistens. Bakteriane blir motstandsdyktige mot antibiotika, og vidundermedisinen sluttar å virke.

For hundre år sidan døydde nesten alle som fekk kreft. I dag overlever tre av fire, men for mange av desse er antibiotika ein heilt avgjerande del av behandlinga. Under moderne kreftbehandling blir immunforsvaret ofte så svekka at pasientane får ei rekke infeksjonar. Dette tek antibiotika heldigvis knekken på i dag. Mistar vi dette våpenet, vil kreftpasientar i framtida kunne døy av ein halsbetennelse. Friske folk kan også døy viss ein flis i fingeren fører til ein infeksjon, eller ein enkel forkjøling blir til lungebetennelse.

Det er ikkje for seint å stanse utviklinga av motstandsdyktige bakteriar. Men då må kampen mot dem intensiverast no. Det har skjedd for lite på forskningsfronten sidan antibiotikaens gullalder på 50-talet. Vi treng nye antibiotika-produkt, og vi må utvikle heilt nye medisinar som erstatning.

I mellomtida må vi sørge for at den antibiotikaen som i dag fortsatt er effektiv, ikkje sluttar å virke. Der kan vi alle bidra. Vi har blitt verdsmeistere i å vaske hendene det siste halvåret. Det må vi berre fortsettje med. Hindrar vi smitte, treng vi heller ikkje behandling. Vi må stole på legens vurdering. Vi må bruke antibiotika kun når det er riktig og nødvendig.

Kvart år får nærmare 35 000 nordmenn kreft. Som Kreftforeningen er det vår etiske plikt å gi denne debatten eit ansikt. Mister vi antibiotikaen, kan det sette moderne kreftbehandling fleire tiår tilbake. Vi kan ikkje sitte stille å la dette skje foran auga våre. Krisen er no, ikkje om hundre år.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken