– Eg fekk vite at eg hadde gått med kreft i meir enn to år i september 2018. Eg hadde ein svært stor svulst i brystet mitt på 18x11 centimeter i størrelse, som vaks sakte og er grunnen til at eg oppdaga den så seint.
Det seier Andrine Nilsen Ådlandsvik (17) frå Io.
Ho har ein type kreft som heiter Hodgkins Lymfom. Det er rundt 1200 nye tilfelle av denne lymfekreften i Noreg kvart år, ifølge Norsk Helseinformatikk.
– Alle tenker jo at kreft døyr ein av, men det er ikkje nødvendigvis slik, seier ho.
Andrine seier at det hadde vore fint viss ho hadde hatt noko forkunnskap om kreft. Då hadde både ho sjølve og alle rundt ho ikkje blitt så redde og bekymra då dei fekk nyheita.
Andrine er enno ikkje kreftfri, men er på god veg.
Sat i isolat
– Eg fekk vite at eg hadde gått med kreft i meir enn to år i september 2018. Eg hadde ein svært stor svulst i brystet mitt på 18x11 centimeter i størrelse, som vaks sakte og er grunnen til at eg oppdaga den så seint, fortel Andrine.
Slik opplever «Sofie» angsten
Ho gjekk til legen etter ein vanskeleg sommar der ho hadde store hosteanfall kvar dag til ho spydde. Ho sveitta mykje om nettene, og pusten blei verre for kvar dag og lymfeknutane i halsen og under armane var store.
– Det var mykje å setta seg inn ifrå starten. Eg byrja med min fyrste cellegiftkur dagen etter eg fekk vite at eg hadde lymfekreft. I tillegg var det mange tablettar og medisinar å ta til ulike tidspunkt som var veldig overveldande, fortel 17-åringen.
Andrine har allereie fått fem av seks planlagde cellegiftkurar.
– Korleis ein får cellegift er eigentleg ganske likt det som visast på film, seier Andrine.
Eg fekk vite at eg hadde gått med kreft i meir enn to år i september 2018. Eg hadde ein svært stor svulst i brystet mitt på 18x11 centimeter i størrelse, som vaks sakte og er grunnen til at eg oppdaga den så seint
Andrine Nilsen Ådlandsvik
Ho fortel at ho sit i lenestol på eit rom med fem andre som også skal få behandlinga. Det står stativ ved sidan av der cellegifta heng.
– Då eg såg for fyrste gong korleis cellegifta var på veg inn i armen min tenkte eg at eg skulle bli dårleg med ein gong. Det gjekk eigentleg heilt fint og eg tenkte at det var barnemat, smiler Andrine.
Likevel var det ikkje berre barnemat. Etter ein vekes tid blei ho kvalm og veldig trøtt. I tillegg gjekk immunforsvaret hennar kraftig ned og ho måtte passe på å ikkje bli sjuk gjennom smitte.
– Frå eg fekk den fyrste kuren fram til eg fekk min andre var eg heile tida på sjukehuset. Det var rundt tre veker. Eg var også isolert, eg fekk ikkje komme ut frå rommet mitt i rundt sju dagar, deler Andrine frå sine opplevingar.

Som barn fekk ho kreft sjølv – No skal Karina sykla til Paris for kreftsaka
Ho var åleine på rommet saman med mora si og såg elles berre sjukepleiarane som kom inn på rommet med frakkar og munnbind. Å teikne i teiknebøker som Andrine hadde fått frå kusiner og fetrar var noko som hjelpte ho å få tida til å gå. Meldingar frå både familie og vener hjelpte Andrine til å føle seg betre og ho set stor pris på dei framleis.
Så positiv som mogleg
– Etter dei to fyrste månadane blei alt saman lettare, seier Andrine.
Hovudgrunnen til det var at dei to fyrste kurane kunne ikkje gått betre enn dei gjorde. Resten av kurane skulle vere mildare og det gjorde at ho ikkje skulle bli like dårleg lengre.
– Frå den tredje kuren var det ikkje lengre «innlagt på sjukehus dårleg», men heller «heime i senga dårleg». Det hjelpte meg å sjå på alt mykje meir positivt, seier Andrine.

Frode (28) er fødd med cerebral parese og sit i rullestol. På Max Fitness er han personleg trenar for Gunnhild (82).
Ho seier at ho prøver å sjå på det heile så positivt som mogleg, sjølv om det nokre dagar er litt vanskeleg å gjere.
– Eg har lært at det hjelper ikkje å vere sur og negativ. Det funkar ikkje, hevdar Andrine.
Det var mange andre pasientar som ho blei kjent med på sjukehuset. Ho synest at det er veldig koseleg å snakke med nokon som er i akkurat same situasjon som ho. Nokre av tankane hennar har vore; «Herregud dei har det så mykje verre enn meg, eg må jo tola dette».
– I min situasjon skal alt gå bra. Det tar berre litt tid. Folk som har andre sjukdommar og ikkje veit korleis det skal gå med dei er minst like positive som meg, viss ikkje meir, seier Andrine og ristar på hovudet fordi ho ikkje skjønnar korleis dei klarar det
Viss Andrine skulle gje eit råd til nokon som nettopp har fått vita at dei har kreft, eller ein annan vanskeleg sjukdom, er det å tenke positivt fordi det er så mykje å lære som ein kan ta med seg vidare i livet.
– Mitt gamle meg
Livet blei snudd heilt rundt for Andrine frå september. Ho slutta å gå på fotball og treningssenter, det er krevjande for ho å gå opp trappa. Ho går ikkje på skulen lengre, og er mest heime. Mindre ting som smakssansen har også blitt forandra.
– Likevel tenker vi i familien ikkje mykje på at eg har kreft. Alle behandlar meg som før. Det er noko annleis no heime som at eg har mitt eige bad og at alle må sprite hendene sine ofte, men det er det, seier Andrine.

Ein søndag i januar kom presten og ringde på døra til Audun. Sonen Erlend var funnen død
Ho er litt bekymra for framtida si.
– Ein blir ikkje frisk med ein gong ein er kreftfri. Eg er litt redd for seinskadar og har lest mykje om at nokre personar slit med konsentrasjon og trøyttleiken ein god stund etter behandlinga er ferdig, seier ho.
Legen min seier at eg kan byrja på fotball igjen når eg er frisk. Det er det som er målet. Ho meiner at eg skal bli mitt gamle meg. Det er veldig hyggeleg å høyre
Andrine Nilsen Ådlandsvik
I tillegg har ho blitt opplyst av legen sin om noko ho ikkje hadde tenkt på før.
– Eg kjem til å ha mange arr som vil vere der for alltid og minne meg på det eg har vore gjennom. Det har eg ikkje hatt mange tankar om, men det blir spennande å sjå korleis det kjem til å sjå ut når eg er eldre, fortel Andrine.
Ho har også fått fleire positive beskjedar.
– Legen min seier at eg kan byrja på fotball igjen når eg er frisk. Det er det som er målet. Ho meiner at eg skal bli mitt gamle meg. Det er veldig hyggeleg å høyre, smiler Andrine.
