Opna unik utstilling

M/S NJORD: Måndag 15. september 1941 la 20 ungdomar ut på ein farefull veg frå Toska til Shetland. Olav Mongstad er son til ein av dei. Han fekk æra av å klippe snora, og opne utstillinga i 2. etasje i Kulturtunet på Kvalheim.

M/S NJORD: Måndag 15. september 1941 la 20 ungdomar ut på ein farefull veg frå Toska til Shetland. Olav Mongstad er son til ein av dei. Han fekk æra av å klippe snora, og opne utstillinga i 2. etasje i Kulturtunet på Kvalheim.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Kva vil du sei til dine barnebarn når dei spør kva du gjorde i denne krigen?

DEL

70 år sidanfrigjeringa:– Fred er livsviktig. Det startar med oss sjølve, og korleis me oppfører oss mot kvarandre!


Ordførar Jon Askeland opna minnemarkeringa på Kvalheim med å snakke direkte til elevane ved Hordabø skule, som markerte dagen med ein fredsmarsj. Først var dei innom Urnelunden ved Hordabø kyrkje, før dei la ned blomar ved minneplata, og danna flaggborg.


Seremonien vart leia av representantar frå ungdomsrådet, Ida Thomassen og Øyvind Askeland.

LES OGSÅ: Fekk minnemedalje

20 ungdomar si ferd

15. september 1941 rømde 20 unge menn over til Shetland frå Radøy for å melde seg til teneste for norske myndigheiter. 18 av dei var frå Radøy, og 2 frå Austrheim.

Fiskeskøyta M/S NJORD vart ”rekvirert” til turen. I England gjorde 12 av dei teneste i marinen. To hamna i handelsflåten, 5 gjorde teneste i hæren, og 1 vart med i Shetlandsgjengen.

 Tre av dei mista livet. Det var Olav Kvalheim, bror hans Magnus Kvalheim, og Johannes Mongstad.

Til minne om desse hendingane er det laga ei utstilling i hovudhuset ved Kulturtunet på Kvalheim, som familien Vågenes har bygd opp. Utstillinga er laga av journalist Øyvind Ask.

Olav Mongstad, son til ein av dei som rømde, klipte snora og opna utstillinga.

LES OGSÅ: Eknes er den siste Bjørn West-veteranen frå Nordhordland: – Kulene spruta rundt oss

Kva skal ein sei til barnebarna?

– Eg har lurt på kva som fekk ungdomar til å forlate heim og familie og gje seg ut på ei risikofylt ferd over havet, og melde seg til krigsteneste., seier han.

-  Noko av svaret fann eg i far min sine notat der han har skrive om korleis dei tjuvlytta på London. Ei natt fekk dei høyre admiral Riiser-Larsen seie: ”Kva vil du seie til dine barnebarn når dei spør kva du gjorde i denne krigen? Då kan du seie til dei: Eg var ute og tente Kongen.

LES OGSÅ: Då Ingeborg vinka til tyskarane, starta bygdesnakket

Skvadron 331 og 332

I første etasje i hovedhuset er det laga ei utstilling til minne om dei norske jagarflygarane som flaug Spitfire.

Utstillinga vart opna av Peter Helland, son til Johannes Helland, ein av Spitfire-flygarane.

 Cato Guhnfeldt arbeider i luftforsvaret, og har skrive eit verk i 5 bind om dei to norske skvadronane sin innsats under krigen.

Utstillinga er i stor grad tufta på innsatsen til 3 av pilotane, alle frå Bergen. Wilhelm Mohr lever framleis, og er no 98 år gamal. Han vart seinare øverstkommanderande for det norske luftforsvaret. Dei to andre er Johannes Helland og Finn Engelsen.

LES OGSÅ: 9. april vakna Johannes Fosse av at norske kampfly tok av frå Flatøy for å komma seg unna nazistane

Artikkeltags