– Ein måtte gjera plikta si og hjelpa dei.

Det seier Margit Hindenes til avisa Nordhordland.

Måndag var ho ei av 19 kvardagsheltar frå Lindås og Radøy som fekk heideren sin for sin innsats som kvardagshelt under andre verdskrig.

Margit var berre 15 år då krigen braut ut. Men i 1944 husa familien hennar tre-fire flyktningar som skulle over til England og vekk frå nazistanes åk.

– Mor hadde ikkje så god helse, så det var eg som måtte hjelpa til, seier ho.

LES OGSÅ: undefined

Razzia i huset

Margit hjelpte til med å laga til seng, bera opp mat og vaska etter flyktningane som budde på lemmen, att med rommet hennar. Flyktningane var berre ute om natta for å trekka frisk luft.

– Var de nokon gong redde?

– Det var litt utriveleg, veit du, seier ho sindig.

Ein dag opplevde dei at 14 tyske soldatar endevende huset i ein razzia, men dei fann ingenting.

– Det er noko utriveleg med det, veit du, seier ho.

Korkje ho eller foreldra har fått nokon heider etter krigen. Men måndag fekk ho minnemedaljen sin.

– Er du skuffa over at du ikkje har fått noko før?

– Ja, mor og far kunne godt fått noko, seier ho.

Radøy-ordførar Jon Askeland seier dette er folk som ikkje har fått den heideren og æra som dei fortener.

– Difor er det flott at Forsvarsdepartementet inviterer til dette, seier han.

– Dette er folk som har gjort andre ting enn kva ein normalt forbind med krigsinnsatsen. Dei har gjerne ikkje bert våpen, men ordna med mat til folk som låg skjult over tid, til dømes. Kvardagslege ting. Difor er det flott dei har bede oss om å dela ut dette, seier Lindåsordførar Astrid Aarhus Byrknes.

LES OGSÅ: undefined

Håpar dei ikkje har gløymt nokon

Begge peikar på den massive folkelege innsatsen mot tyskarane i Nordhordland.

– Kvar og ein gjorde kanskje lite, men til saman er det ein massiv innsats. Det gjekk føre seg mykje i bygdene, seier ho.

Begge understrekar at ein aldri må gløyma det som skjedde under krigen.

Askeland er likevel kritisk til den korte fristen ein fekk frå Forsvarsdepartementet til å finna fram til alle som fortener medalje.

– Redselen vår er at me har gløymt nokon, seier han.

Radøy kommune har saman med sogelaget gått gjennom bygd etter bygd for å finna kandidatar.

– Men skulle me ha gløymt nokon, er me evig takknemlege for å finna ut av det. Då må ein ta kontakt med kommunen, me kan framleis etterbestilla medaljar, seier han.

LES OGSÅ: undefined