Naziflukta frå Nordhordland

Frontkjemparar på slottet. Sophus Kahrs var blant dei som rømde med «Solbris» til Argentina. Her frå boka «Norske nazister på flukt» av Anne Kristin Furuseth.

Frontkjemparar på slottet. Sophus Kahrs var blant dei som rømde med «Solbris» til Argentina. Her frå boka «Norske nazister på flukt» av Anne Kristin Furuseth.

Visste du at ei av dei første organiserte fluktene med tyske nazistar til Argentina starta frå Holsnøy?

DEL

Den lite kjende historiske hendinga kjem fram i boka «Norske nazistar på flukt», skriven av Anne Kristin Furuseth.

Ubåten gjekk under namnet U-977. Den var opphavleg eit skuleskip og vart brukt til trening.

Ubåt på grunn på Holsnøy

Men då krigen gjekk mot slutten vart det behov for den, og U-977 vart oppgradert i Tyskland og sendt mot Norge. Frå Kristiansand vart den sendt ut på sitt fyrste, og einaste, krigsoppdrag.

Den andre mai 1945 la den ut med kurs for hamna i Southampton.

På vegen over fekk den melding over radioen om at krigen var slutt og at alle tyske krigsfar-tøy skulle returnera til sine heimehamner.

Dei visste ikkje om dette var sant eller ikkje, men bestemte seg for å legga kursen mot Norge igjen, då det vart opplevd som tryggare enn å legga kursen mot Storbritannia.

73 tyske ubåtar gjorde som dei fekk beskjed om og gjekk mot ulike hamner i Norge. 29 av dei gjekk til hamn i Bergen.

U-977 sette kursen mot Holsnøy i Meland og av alle ting klarte dei å gå på grunn her.

Den tiande mai 1945 mellom klokka 02.30 og 03.30 gjekk 16 av mannskapet på 48 om bord i gummibåtar og rodde i land på Holsnøy, då dei ville ta seg heim til familiane sine i Tyskland. Resten av mannskapet bestemte seg for å setja kursen mot nazistane si frihamn, Argentina.

Overfarten tok dei 66 dagar, og dei var framme i Mar Del Plata i Argentina den 17. august same år.

Quisling og nazigull

Det var mange spekulasjonar rundt ubåten. Mellom anna vart det hevda at den skal ha tatt med seg både nazigull og høgareståande tyskarar medan den låg til land på Holsnøy. Utan at det nokon gong er funne bevis som støttar det.

Eg trur det berre er lause rykte, men samstundes er det rart om det ikkje kom nokon med, seier Anne Kristin Furuseth.

Det var snakk om at Vidkun Quisling skulle vera med denne ubåten, fortel ho.

Qusling sa under rettssaka mot han at Terboven hadde gjeve han tilbod om plass om bord i eit fly til Spania eller i ein ubåt til eit venlegsinna land i Sør Amerika.

Som dei fleste veit, fór ikkje Quisling med ubåten til Argen-tina, men han vart verande i Noreg. Og den 24. oktober 1945 vart han avretta på Akershus festning i Oslo.

Ei desperat handling

Furuseth kallar flukta frå Holsnøy for ei desperat handling.

Dei som mønstra av ubåten på Holsnøy vart seinare tatt til fange av britiske soldatar, medan dei som kom seg heilt til Argentina vart sett i arrest og avhøyrt av argentinske styresmakter.

Men brasilianske og amerikanske styresmakter frykta at tyskarane vart behandla for mildt. Difor vart dei utlevert til USA for avhøyr der, fortel ho.

«Solbris», her frå boka «Norske nazister på flukt» av Anne Kristin Furuseth.

«Solbris», her frå boka «Norske nazister på flukt» av Anne Kristin Furuseth.

Dei tyske soldatane slapp etter kvart fri. Nokon la turen heim til Tyskland igjen, medan andre valde å busetja seg i Argentina.

Det vert hevda frå fleire kjelder at så mange som 10.000 tyske soldatar flykta til Argentina etter krigen.

Dei organiserte fluktruter gjennom Italia, Spania, Sveits eller ei nordisk rute som skal ha eksistert.

Men og nordmenn flykta til Argentina.

Det var rundt 180 norske landssvikarar som stakk til Argentina etter krigen pluss familiane deira, fortel ho.

33 av dei stakk frå straffa si i Norge, medan resten hadde gjort opp for seg før dei drog.

Totalt vart det snakk om rundt 360 personar.

LES OGSÅ: – Eg har vore veldig spent på denne dagen og har ikkje hatt blund på auga i natt

Til Argentina

I boka går det fram at nordmenn som flykta var folk som rømde unna rettsoppgjeret i Norge, samt folk som ikkje klarte å etablera seg i samfunnet igjen etter å ha sona straffa si.

Ein del landssvikarar vart frådømde retten til å inneha bestemte stillingar, samt dømd til å betala store erstatningar. Dette gjorde det vanskeleg for dei å komma i arbeid eller å starta eiga bedrift etter endt soning. Det var ei tilleggsstraff som gjorde resosialiseringa svært vanskeleg for mange.

Kvifor var Argentina så attraktivt å rømma til?

Argentinsk økonomi gjekk så det suste på den tida, det gjorde det lettare. Samstundes var landet ope for innvandring, hadde stor europeisk befolkning og var kjent for å vera tysk-venleg. Men det var likevel ikkje noko lett liv. For dei måtte læra seg eit nytt liv og ein ny kultur å kjenna. Det går greitt på byrjinga av 1950-talet, men etter kvart byrjar folk å reisa heim igjen, fortel ho.

U 977 ved kai i Mar del Plata i Argentina, her frå boka «Norske nazister på flukt» av Anne Kristin Furuseth.

U 977 ved kai i Mar del Plata i Argentina, her frå boka «Norske nazister på flukt» av Anne Kristin Furuseth.

Medan dei som kom etter andre verdskrig var tidlegare nazistar, var hovuddelen av dei nordmenn som budde der nede før krigen motstandarar av nazismen. Kontakten mellom dei var svært avgrensa.

Dei nordmenn som alt var der nede var aktive i motstandskampen og hadde mellom anna samla inn pengar for å kjøpa fire fly til Litle Norway i Canada, seier Furuseth.

LES OGSÅ: – Når eg reiser herifrå skal dei også få medaljane mine

«Solbris» frå Lindås

Den første flukta med norske nazistar til Argentina har og tilknyting til Nordhordland, på fleire vis.

Den tredje juli 1947 rømmer fire landssvikfangar frå Espeland fangeleir i Arna. Mellom dei var frontkjemparen Sophus Kahrs frå Bergen.

Han melde seg frivillig og kjempa på Austfronten. Han var både troppssjef og kompanisjef. Ei stund fungerte han nærast som bataljonssjef og. Då han kom tilbake til Norge var han leiar i Hirden i Oslo.

I eit intervju med Bergens Tidende, 33 år etter krigen var han framleis overbevist om at Quisling hadde vore ein «bra mann som levde og anda for Norge». Han meinte og at det var sterkt overdrive at så mange som seks millionar jødar mista livet under krigen.

Kahrs hadde sterk tilknyting til Gulen. Familien hans hadde hytte på Timmerøya, mellom Eivindvik og Flolid. Kahrs brukte mykje tid der i løpet av krigsåra.

Flukta frå fangeleiren på Espeland vart gjort på høglys dag i sivile klede. Dei vart møtt av medhjelparar på ein lastebil som frakta dei til båten «Solbris».

«Solbris» var opphavleg eigd av far til Vibeke Løkkeberg, nemleg Hans Sjur Kleivdal frå Kleivdal i Lindås. Båten hadde merket H 82 og var registrert som fiskefartøy i Lindås.

Tidlegare hadde den nokon og 70 fot store båten vore lystyacht for tidlegare statsminister Christian Michelsen.

I boka si «Allierte» skriv Løkkeberg at faren ville byrja som fraktereiar etter krigen, men at båten vart stolen av nazistane. Det førte til konkurs for faren.

Heidra 70 år for seint

Nekta utlevera dei til Norge

«Solbris» kom fram til Brasil i august same år.

I tillegg til dei fire flyktningane frå Espeland, var det og om bord ein mann som hadde vore på Espeland, men hadde spelt sjuk og var lagt inn på Haukeland sjukehus, samt sju stykk som venta på å verta dømt som landssvikarar. Dei hadde alle vore aktive NS-folk i Bergen.

Då dei kom fram til Brasil ville norske styresmakter ha dei utleverte, men brasilianske styresmakter såg på dei som politiske flyktningar og nekta å utlevera dei.

Då dei slapp laus frå brasiliansk fangenskap, kunne dei fortsetja til Argentina, som var målet heile tida.

To ubåtar involverte

Historiene med «Solbris» og U-977 er ikkje dei einaste historiske hendingane som skjedde i området under krigen.

Velkjend er kvikksølvbomba U-864 som vart seinka av den britiske ubåten HMS «Venturer». U-864 var fullasta med 67 tonn kvikksølv, samt personell med teknisk spesialkompetanse og materiell til den japanske krigsindustrien.

Mellom rykta om lasta er at den skal ha deler til dei frykta V2-rakettane om bord. Andre hevdar at det er eit demontert Me262 jagarfly som var i lasta.

Men det mest spektakulære med sjølve senkinga er at det skal vera det fyrste, og det einaste, tilfellet av at ein ubåt senkar ein annan ubåt medan dei begge er under vatn i historia.

Amerikansk krigsskandale

I det same området utanfor Fedje ligg det og ein anna ubåt, U-486. Den var senka 12. april 1945 i Fedjeosen av ein britisk ubåt, HMS «Tapir». 48 menneske mista livet i torpederinga.

U-486 var med på senkinga av eit amerikansk troppetransportskip i den engelske kanalen på julaftan 1944. Heile 786 amerikanske soldatar mista livet i angrepet. Alt som kunne gå gale i redningsarbeidet gjekk gale. Beskjedar vart misoppfatta og dårleg handsama, redningsfartøya brukte svært lang tid på å komma seg til rett stad og vêret var elendig. Amerikanske styresmakter prøvde å skjula alle feila som skjedde i samband med angrepet. Sanninga vart ikkje avslørt før i 1996.

På det same toktet, berre nokre dagar seinare, seinka U-486 dei britiske fregattane HMS Affleck og HMS Capel, før ubåten returnerte til basen i Bergen den 15. januar 1945.

Denne saka stod fyrst på trykk i papiravisa vår den 23. november 2013.

Kjelder: «Norske nazister på flukt» av Anne Kristin Furuseth, Uboat.net, Folk og Land, VG juli 1947, Bergens Tidende 1978, Avhøyrsrapporten av kapteinen på U-977, NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon.

Artikkeltags