– Må ikkje gløyma historia

8. MAI-MARKERING: Eirik Utne (t.v.), Atle Bondevik og Nils Marton Aadland (t.h.) inviterar til 70års-markering for Norges frigjering 8. Mai.

8. MAI-MARKERING: Eirik Utne (t.v.), Atle Bondevik og Nils Marton Aadland (t.h.) inviterar til 70års-markering for Norges frigjering 8. Mai. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Meland samlar veteranar på frigjeringsdagen.

DEL

– Det er viktig at vi markerer frigjeringsdagen og heidrar dei som har kjempa og ofra livet for landet vårt, seier Meland-ordførar Nils Marton Aadland.

Saman med leiar i Nordhordland forsvarsforeining, Atle Bondevik og kulturkonsulent i Meland kommune, Eirik Utne, invitera han måndag pressa til møte om årets markering av 8. mai i Meland.

– Det er 70 år sidan krigen tok slutt i Norge og det vil vi markera litt ekstra, seier ordføraren.

I tillegg til frigjeringsdagen skal Nordhordland forsvarsforeining arrangera veterandagen for krigsveteranar i Nordhordland for tredje år på rad. Dette vert i år ein del av 8. mai-markeringa.

LES OGSÅ: 9. april vakna Johannes Fosse av at norske kampfly tok av frå Flatøy for å komma seg unna nazistane

Open markering

Programmet for 8. mai byrjar klokka 16.30 med open markering ved Meland kyrkje.

– Det er ikkje tilfeldig at vi startar dagen i kyrkja. Vi skal ha ei markering ved bautaen som er står der for å heidre dei som fall i andre verdskrig, seier Aadland. Denne delen er open for alle og det vert blant anna kransnedlegging, song og musikk.

Veteranmarkering

– Det vert samling i Nordgardsløa for påmelde gjester. Her vert det enkel servering av middag og kaffi litt forskjellig program, seier Atle Bondevik, leier i Nordhordland forsvarsforeining.

På programmet står blant anna talar og underhaldning av Meland kulturskule. Alle veteranar som har tenestgjort i utlandet kan melde seg på samlinga på førehand.

Nordhordland forsvarsforeining arrangerer ei slik markering for tredje år på rad og prøvar å samle veteranar får heile regionen.

– Vi håpar det vert eit flott og verdig arrangement. Det er viktig å få med dei veteranane som vert gløymt. Dei siste to åra har det dukka opp personar som gjerne ikkje har villa vert med på slike ting tidlegare, men som no gler seg til neste samling, seier Bondevik.

LES OGSÅ: 70 år etter freden er John Pettersen framleis på slagmarka kvar dag

Viktig å markera

– Vi må aldri gløyma det som har skjedd og ein skal ikkje langt ut i verda før ein finn konfliktområde, seier ordførar Aadland. Han og Bondevik meiner det er viktig at unge lærar meir om krigshistoria.

– Ikkje berre må vi markera 8. mai og 9. april, men vi må vite kvifor desse dagane vert markert og historia bak desse dagane. Dette er det viktig å lære bort til dei yngre generasjonane før det ikkje er nokon tidsvitne att, seier Bondevik.

– Det er viktig å ha historia med oss og at dei som veks opp no skjønner at fridommen ikkje kom gratis, avsluttar Aadland.

Artikkeltags