I desse dagar er det 75 år sidan tyskarane invaderte Noreg, og det er snart 70 år sidan dei vart kasta ut igjen. Her kan du lesa historia til tre nordhordlendingar som opplevde krigen på sitt vis. Dei vert ikkje akkurat yngre med åra. Snart er dei ute av tida, difor er det svært viktig å få fram deira historie, slik at dei kommande generasjonane kan skjøna kva som gjekk føre seg i distriktet vårt, og kva dei no godt vaksne nordhordlendingane faktisk opplevde gjennom dei fem krigsåra.
LES OGSÅ: undefined
LES OGSÅ: undefined
Avisa Nordhordland kan og presentera unike bilde frå krigstida i Nordhordland, som Jostein Saakvitne er eigar av. Bileta er tatt av ein ukjent tysk soldat, frå hans rekrutteneste i Tyskland, til han kjem til Nordhordland.
Avisa Nordhordland har difor fått tre nordhordlendingar til å fortelja sine historier.
Johannes Fosse frå Meland var berre 13 år gammal då krigen braut ut. Han vakna i tre-fire tida om natta 9. april av fly som starta opp og mykje ståk på Flatøy.
For på den tida var det ein flystasjon på Flatøy. Øya har ei militær historie som strekk seg tusen år tilbake i tid. Men desse april-dagane var nok nokre av dei mest dramatiske. Den norske marinen hadde sine sjøfly stasjonert der, og dei vart evakuerte frå staden i to grupper. Den eine vart stasjonert i Hardanger, og den andre i Sogn med Balestrand som hovudbase.
– Flya som tok av frå Flatøy slapp og bomber mot dei tyske skipa i Bergen, utan at dei trefte noko, seier Fosse.
Han budde med familien ved Fossesjøen. Dei kunne sjå inn mot Bergen og det som gjekk føre seg der.
– Me såg flyangrep mot Bergen og skyting med luftvernet. Det var skikkeleg utriveleg å sjå på, seier den no 88 år gamle mannen til Avisa Nordhordland.
Dei såg stadig vekk fly over Flatøy som såg etter aktivitet.
– Me såg ein gong tyske soldatar i ein av dei gamle, norske MTB-ane som kom i retning Flatøy. Plutseleg kom det eit britisk fly rett over hustaket vårt, som slepte åtte-ti bomber på båten, fortel han.
Båten fekk ei lita slagside av angrepet og mange av soldatane hamna i sjøen. Men dei kom seg etter kvart i land. Dei opplevde og at flystasjonen på Flatøy vart bomba og at bensinlageret gjekk i lufta.
Sjølv om Nasjonen Noreg ikkje var førebudd på krig i det heile, Forsvaret var hjelpelaust og svært mykje svikta då tyskarane kom, hevdar Fosse at dei var førebudde på at krigen var i anmarsj.
– Far min var litt orientert og følte eit ubehag av kva som måtte komma, seier han.
Den dagen krigen faktisk kom til landet, var far til Fosse på Radøy på ein konferanse, og visste ikkje kva som gjekk føre seg. Han fekk vita om det, då flyktningane frå Bergen byrja å komma utover på landet.
Fosse fortel om eit klima under krigen som var prega av redsel og uvisse.
– Var du redd?
– Eg kan ikkje hugsa at eg gjekk rundt og var redd. Men det var skummelt å sjå bombinga, seier han.
– Det var ei uvant dårleg kjensle du hadde, seier han.
LES OGSÅ: undefined
Kvar gong det var bombing i nærleiken, gøymde dei seg under ei køyrebru.
Det var tyske soldatar på Flatøy og Håøy. Men det var på Rossland den største kontingenten var. Der var det òg russiske krigsfangar som måtte jobba for tyskarane.
Over alt kvar ein bevegde seg, risikerte ein å møta tyskarar.
–Det var ein del kontrollar og stikkprøvar. Det var det ikkje noko kjekt å komma borti, seier han.
– Nokre vart og tatt med til byen for å verta sett litt meir nøye på. Men dei vart slept laus att, fortel han.
Av og til gjekk det meir dramatisk for seg. Ein dag var det dans på Grasdal. Då kom det fleire tyske soldatar som ville på dans. Det sette fleire av dei lokale seg i mot, og det enda med slåstkamp. Då vart større, væpna styrker tilkalla. Det enda med at ein av dei norske fekk øyra nesten skore av, medan ein annan vart stukken i ryggen. Straffa for dei fire nordmennene som var blanda inn var fengsel i Tyskland. Han som sat lengst, måtte vera der i over tre år.
Fosse var for ung til å gjera noko særleg motstand mot tyskarane, han måtte halda seg heime på garden. Men dei to brørne hans var aktive.
Broren Knut gjekk på gymnaset på Voss då krigen braut ut. Han hadde gjennomført eit sanitetskurs i forsvaret, og vart dermed med dei norske styrkane over til Valdres, kor han deltok i kampane, før han kom heim att på sommaren 1940 Den andre broren Martinus hadde ikkje vore på rekrutten, men var i årgangen som skulle inn. Men sidan han ikkje hadde gjort tenesta si, fekk han beskjed om å reisa heim att.
Men ingen av brørne var ferdig med det, og kom seg over til England. I september 1941 for ein større gruppe unge menn, derav fleire frå Meland og Nordhordland elles, over til England.
Knut Fosse verva seg til Kom-pani Linge og tok krigsskulen i Skotland, før han gjekk inn i den britiske marinen som skyttar på ein motortorpedobåt (MTB). Der var han med på invasjonen av Frankrike i 1944, før han seinare vart slept ned i fallskjerm over Toten for å organisera og trena ungdommen der borte.
Den andre broren, Martinus, kom seg inn i flyvåpenet og vart telegrafist om bord i dei store Sunderland-flya som dreiv med ubåtjakt, mellom anna langs norskekysten. Dei var og med og beskytta konvoiane over Atlanterhavet.
– 13. mai 1945 var det to fly som kom til Noreg med høvesvis kronprinsen og regjeringa i det eine, og generalstaben i det andre. Bror min
Martinus var om bord i det same flyet som generalstaben var i, fortel Fosse.
Men familien sin krigsinnsats var meir enn dette. Søskenbarnet til Johannes Fosse, Sigmund Hopland kom seg og over til England og vart som Martinus, telegrafist i fly. Han var med og ilandsette folk langs norskekysten. Tremenningen Torleif Mjåtvedt var med i Kompani Linge.
Kompaniet vart oppretta i juli 1941 av det britiske Special Operations Executive (SOE) for å driva sabotasje, opplæring av Milorg og spionasje i Noreg. Mannskap frå kompaniet deltok i raid langs norskekysten i løpet av 1941 og 42. I tillegg deltok dei i Vemork-aksjonen i Telemark fylke. I løpet av krigen tenestegjorde 530 nordmenn i kompaniet og 57 av desse misse livet.
Det mest dramatiske Johannes Fosse gjorde, var å klippa over ein telefonleidning til ei gruppe tyske soldatar som opererte ein lyskastar. Men ting kunne ha gått verre for han. For Fosse var så gammal at han skulle kallast ut til arbeidsteneste.
Arbeidstenesta var og kjent som Nasjonal Arbeidsinnsats, vart oppretta i Norge ved «Loven om Den nasjonale arbeidsinnsats» av 22. februar 1943. Lova opna for innføring av full planøkonomi i Norge, og gav høve til tvangsutskrivning av «all arbeidskraft som ikkje er fullt utnytta eller som brukast til arbeid som ikkje er nødvendig».
Det mange frykta var at dei årskulla som skulle skrivast ut, vart sendt til Austfronten. Men etter ein sabotasjeaksjon frå den kjende Oslogjengen mot administrasjonen som skulle gjennomføra dette, vart desse planane aldri noko meir enn skriblerier på ein ministers ark.
– Hadde du hatt ei meir aktiv rolle om du var eldre under krigen?
– Eg gjekk jo med ei kjensle av at dei to brørne mine gjorde noko, og ein ville jo gjera noko sjølv og, innrømmer Fosse.
– Kva hugsar du frå når freden kom til Noreg?
– Me hadde så stor tru på at det var engelskmennene som kom til å komma til Noreg å befri oss, at me gjekk opp på Krossfjellet for å sjå etter invasjonsflåten, fortel han.
Rykte om eit og hitt gjekk heile krigen, og på denne tida, var ryktet om engelskmennene det sterkaste. Det skjedde aldri, men freden kom til Noreg og Meland den 8. mai. Då var Fosse vorte 18 år gammal.
– Me dreiv og gjorde klar flaggstonga på Fossesjøen 8. mai, og medan me jobba med den, såg me at tyskarane dreiv og senka sine hurtiggåande båtar på Flatøy, fortel han.
Han seier at dei såg minst 20 båtar som dei forsøkte å seinka.
– Dei hogg hol i båtane, og etter kvart som dei vart fulle i vatn, byrja dei på neste båt, seier han.
Dei glade meldingane byrja å tikka inn om at brørne var i landet og i god behald, og tyskarane vart tatt hand om og plassert i leirar. Men det er ein del av norgeshistoria mange ikkje kjem godt ut av, det er korleis landssvikarane vart behandla. Det gjeld både kvinner og menn som hadde tett kontakt med tyskarane. Kvinnene vart ofte skamklipte og tvunge til å marsjera gjennom byane i all offentlegheit.
– Kva gjorde de med landssvikarane i bygdene rundt om kring?
– Det var nokon me visste om, og me dreiv og organiserte korleis me skulle ordna opp i det, innrømmer Fosse.
Han seier dei hadde konkrete planar om at dei skulle klippa og skamfera dei.
– Men heldigvis gjorde me ingenting. Og i ettertid tykker eg det er greitt, seier han.