Henrik O. Mongstad var motstandsmann og hjelpte flyktningar til Storbritania under krigen: I dag fyller Henrik 100 år!

Motstandsmannen Henrik O. Mongstad fyller 100 år laurdag.

Motstandsmannen Henrik O. Mongstad fyller 100 år laurdag. Foto:

Av
DEL

Henrik O. Mongstad vaks opp på garden Mongstad i Lindås og var busett der til han i 1939 tok han seg arbeid på Austlandet.

Våren 1941 vart han involvert i motstandsarbeidet i Sørum, men jula same året reiste han heim til Mongstad. Frå våren 1942 kom han i teneste i Etterretningstenesta som kontaktmannfor norske styrkar i Storbritannia. Siste krigsåret var han knytt til Secret Intelligence Service sine radiostasjonar i Nordhordland og var då involvert i å hjelpa flyktningar til Storbritannia.

Etter krigen vart Mongstad offiser i Heimevernet og gjorde mellom anna teneste som pionersjef.

I det sivile livet arbeidde Mongstad som vaktmeister i 40 år. Først som kombinert vaktmeister og handverkslærar på Lindøy skole, seinare som vaktmeister på Rubbestadnes yrkesskule og til sluttsom vaktmeister knytt til Stord ungdomsskule og idrettsanlegget på Vikahaugane der.

Etter 65 års ekteskap med si kjære Klara vart Henrik i 2016 enkemann. Han er ein historieinteressertlesehest som har vore flink å formidla historia til etterslekta. Dagen vert feira med barn, barnebarnog oldebarn.

16. mai i fjor vart Mongstad tildelt Forsvarets Fortjenestemedalje for sin innsats under krigen og arbeidet etterpå med forsvarssaka og lokalhistorie i Nordhordland.

Artikkeltags