Ella demonterte sykkelen sin så ikkje dei tyske soldatane skulle få bruka den – Då vart ho arrestert

HEIDRA: Ella Bjørneklett, Alfred Bjørneklett og Ingolf Matre vart alle nyleg heidra for sin innsats mot okkupasjonsmakta under slutten av andre verdskrig.

HEIDRA: Ella Bjørneklett, Alfred Bjørneklett og Ingolf Matre vart alle nyleg heidra for sin innsats mot okkupasjonsmakta under slutten av andre verdskrig. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Tre masfjordingar vart nyleg heidra for innsatsen sin under krigen.

DEL

Under krigens siste dagar ville dei tyske soldatane i Masfjorden beslaglegga alle syklar på Matre slik at dei skulle komma seg fortare inn til Hommelfossen og til fjells for å kjempa mot dei norske soldatane som gøymde seg i Matrefjella. Det ville ikkje Ella Bjørneklett ha noko av, så ho demonterte sykkelen sin, så tyskarane ikkje fekk fatt i den. Det førte ho rett i fengsel.

Saman med to andre vart ho nyleg heidra for sitt bidrag under krigen. Då fekk dei nemleg tildelt regjeringa sin minnemedalje under ein seremoni på Einekavane i Masfjorden. Einekavane var elles der den russiske fangeleiren i si tid låg på Matre og er rett ved sidan av dagens Bjørn West-museum, der Ella Bjørneklett i si tid vart fengsla.

Det skriv Masfjorden kommune på sine nettsider.

Alfred Bjørneklett og Ingolf Matre vart saman med dei andre vaksne mennene på Matre kommanderte til fjells for å bera ned falne tyske soldatar etter trefningane ved Litle Matre-stølen 29. april 1945. Etter dette vart dei sende til Espeland leir der dei var i fangenskap til freden kom.

Minna frå okkupasjonsåra sit spikra hjå dei tre. Ingolf legg ikkje skjul på at det var ei påkjenning å vera med å frakta dei falne tyskarane ned til Matre. Alfred hugsar enno at han fekk seg ein lusing av kommandant Wagner.

Regjeringa sin minnemedalje vert delt ut til dei som på andre måtar deltok i arbeidet mot okkupasjonsmakta. Dei som var aktive i kamp har fått sine medaljar tidlegare.

Artikkeltags