Fekk minnemedalje

ENDELEG: Odd Bergsvik og Nora Hauge fekk fredag minnemedalje for sin innsats under krigen. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

ENDELEG: Odd Bergsvik og Nora Hauge fekk fredag minnemedalje for sin innsats under krigen. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

På frigjeringsdagen, 70 år etter krigens slutt, vart Nora Hauge og Odd Bergsvik heidrar med medalje for sin innsats under krigen.

DEL

– Dette var ei stor overrasking. Eg hadde ikkje rekna med noko slikt, seier ein overgoven Odd Bergsvik til avisa Nordhordland.

Angripne av britane

Han vart fredag heidra for redningsdåden han var med på for over 70 år sidan. Han og fleire andre såg ein lektar med russiske fangar som var på veg til Førde vart bomba av to engeske fly ved Sandøyne utanfor Fedje.

– Me stod på ein haug på Bergsvikåsen og såg at noko var gale. Då sak Malvin Bergsvik at det kan henda at det er folk om bord som treng hjelp, fortel Bergsvik.

LES OGSÅ: Eknes er den siste Bjørn West-veteranen frå Nordhordland: – Kulene spruta rundt oss

Difor tok ein gjeng ut i ein kutter for å sjå om dei kunne hjelpa. Det var laurdag ettermiddag og det byrja å verta mørkt. Det byrja og å blåsa opp, så for å komma seg til skipet som var gått på grunn, var dei nøydd til å setta ut i ein robåt, som Odd Bergsvik var om bord i.

– Me heldt på til å få sjokk då me såg alle folka som var på holmen, seier han over 70 år etter.

– Det var ikkje anna å gjera enn å ta dei inn i båten, seier han.

Russar bles på havet

Men ein liten robåt har avgrensa med kapasitet, og det bles etter kvart opp til kuling. Det enda med at Bergsvik rodde fem-seks turar etter folk.

– Me fekk med oss 20 russarar, ein tyskar og ein maskinist frå Bergen samt ein hollendar, seier han.

Dei visste ikkje kva dei skulle gjera med folka, og rodde til Austrheim for å spørja lensmannen. Men han bad dei om å levera folka til fangeleiren på Marøy.

Det var framleis sju-åtte stykk att på skjæret dagen etterpå. Stort sett tyske soldatar. Dei vart redda av nokre radværingar. Men tre personar mista og livet.

– Ein vart skoten av dei britiske flya, medan ein bles på havet om natta, seier han.

Nora Hauge si historie er om mogleg enno meir spanande.

LES OGSÅ: Då Ingeborg vinka til tyskarane, starta bygdesnakket

Secret Service

Sommaren 1944 kom dei to unge telegrafistane Karl Nesfossen og Eivind «Piten» Viken til Selsøy og oppretta lytteposten Risor II. Lytteposten på Selsøy rapporterte direkte til London om all skipstrafikk langs kysten, og tyskarane gjorde det dei kunne for å lokalisera denne typen stasjonar. To lokale familiar, familien Krossøy og familien Rongevær, var lokale kontaktar for dei to agentane, som var underlagt den britiske etterretningstenesta Secret Service. Med livet som innsats gjorde dei to familiane det dei kunne for å hjelpe telegrafistane, og måtte betala ein høg pris for sin innsats. Vart ein tatt for å driva motstandsarbeid venta ei ublid skjebne.

Peila frå Austerrike

At det gjekk bra så lenge som det gjorde er eit under i seg sjølv. Tyskarane hadde ein stor base på Fedje som hadde utstyr til å fanga opp radiotrafikk, men fanga aldri opp det som kom frå Risor 2. Det var det ein krysspeilesendar i Austerrike som til slutt gjorde.

Då vart det heitt under beina på dei på lytteposten og deira hjelparar. Veslejulaftan 1944 var tyskarane på sporet, og heile familien måtte rømma landet i Shetlandsbussen «Hitra».

– Var du nokon gong redd?

– Nei, det var ikkje tid til det, seier ho.

– Ein var det kanskje i underbevisstheita, men du kunne ikkje byrja å prata om det, seier ho.

LES OGSÅ: 9. april vakna Johannes Fosse av at norske kampfly tok av frå Flatøy for å komma seg unna nazistane

– 8. mai betyr stadig meir

Ho var svært stolt over medaljen ho fekk på frigjeringsdagen. O g understrekar kor viktig det er å feira den dagen.

– Alle treng å høyra det som har skjedd, seier den siste kvinnelege soldaten som vart utskriven i Storbritannia under krigen.

Austrheimordførar Per Lerøy er einig.

– 8. og 17. mai betyr meir og meir dess eldre eg vert, seier han.

Lerøy var sikker på at når jernteppet fall, ville det gå rette vegen med Europa og verda. Men det gjorde det ikkje.

– Men så ser ein galskapen som skjer rundt oss med krig og konfliktar og Afrika med samfunn i oppløysing og ein flyktningstraum som nesten er uhandterleg, peikar han på.

Difor får han sterkare og sterkare kjensler kvar gong ein feirar denne dagen.

LES OGSÅ: 70 år etter freden er John Pettersen framleis på slagmarka kvar dag

Hadde gjeve opp

Han har og engasjert seg sterkt i kampen for at Hauge og Bergsvik skulle få medaljane dei fortente.

– Eg har jobba med dette sidan 2013 og hadde eigentleg gjeve opp heile greia, seier han. For det eksisterte ingen medalje som dei to passa inn under. Heilt fram til minnemedaljen vart etablert. Den skal gå til sivile som gjorde ein stor innsats under krigen. Eit av kriteruma er at dei framleis er i live. I mars skreiv han ein ny søknad og dokumenterte kvifor desse to fortente prisen.

– Men så høyrde eg ikkje noko meir, så eg trudde at det ikkje gjekk no heller, seier han.

Men i slutten av april kom stadfestinga.

– Kva tenker du om at dei vert heidra fyrst no?

– Det er synd det har gått så lang tid. Ein burde fått dette på plass lenge før. Mange a v dei som gjorde ein fantastisk innsats er ikkje i live lenger, peikar han på.

LES OGSÅ: Naziflukta frå Nordhordland

Artikkeltags