Har du Norges beste Instagram?

Avisa Nordhordland, Nettavisen og Amedia skal no kåra den beste i Norge på Instagram. Du kan no nominere deltakarar.

DEL

Då bildetenesta Instagram blei lansert i 2010 var det ikkje mange, om nokon, som spådde den suksessen som tenesta seinare fekk. Over heile verda har bildedelingstjenesta, som er eigd av Facebook, no over ein milliard brukarar.

I Norge er det litt over 2,2 millionar vaksne som brukar Instagram.

Avisa Nordhordland, Nettavisen og mange av avisene i Amedia inviterer no til tidenes kåring av den beste på Instagram i Norge. Det heile startar med lokale nomineringar i dei lokalavisene i Amedia som er med, og i Nettavisen for områda desse avisene ikkje dekker. Til saman vil vi velja ut 100 av dei beste som er nominerte, og frå desse vil lesarar og jury velja ut 12 som går til ein finale. Til slutt vil vi stå igjen med ein vinnar som vil ta imot ein fin premie, og mykje heider og ære over heile Norge.

Du kan nominera din eigen eller andres profil hjå avisa Nordhordland, Nettavisen, eller hos ein av lokalavisene du meiner du høyrer til. Du bestemmer sjølv om du meiner du høyrer til lokalavisa basert på kor du er frå, eller kor du bur.

Emneknaggen for konkurransen er #amediagram

Vi repostar bilda på brukaren norgesbesteinsta (https://www.instagram.com/norgesbesteinsta/)

Her kan du senda inn di nominering hjå avisa Nordhordland

Du kan nominere deg sjølv eller folk du kjenner. Vi kontaktar alle nominerte for å høyra om dei ønsker å delta i konkurransen.

Her kan du senda inn di nominering hjå avisa Nordhordland

Reglane for konkurransen er som følger:

  1. Alle kan nominera profilar frå Instagram, og det er ikkje nødvendig å ha Instagram for å nominera

  2. Dei nominerte må ha tilknyting til Norge eller vere busett i Norge for å bli nominert. Dei nominerte må vera personar.

  3. Dei nominerte må akseptera nominasjonen for å vera deltakar i finalerundane nasjonalt

  4. Ein slik aksept medfører og ein rett til å reposta bilde som vert lagt ut med emneknaggen til konkurransen i konkurranseperioden på Instagramkontoen til konkurransen.

  5. Deltaking i konkurransen gjev Amedias aviser mogelegheit til å bruka bilda som er tagga med same emneknagg i illustrasjonar for sakene som omtalar konkurransen eller deltakaren. Annan bruk av bilde gjerast etter avtale

  6. For å vera deltakar må profilen vera offentleg tilgjengeleg. Om profilen vert gjort privat i løpet av konkurranseperioden vil deltakaren ikkje lenger kunne delta i konkurransen.

  7. Deltakarar må stå fram med fullt namn for å vere deltakar i finalerundane

  8. Det vert ikkje give kompensasjon for deltaking i konkurransen utover premie som fastsett

  9. All informasjon om deltakarar, nominerte og nominasjonar vert ikkje brukt att av Amedia på nokon måte, og vert sletta etter konkurransens slutt


Artikkeltags