Avisa har fått namnet NA+ og skal vere eit alternativ til eit «Oslo-nærsynt» mediebilde.
– Det norske mediebildet blir ofte «Oslo-nærsynt». Eg meiner at fornufta er nokså likt fordelt utover i landet, og målet med NA+ er å vise ferske nyheiter og friske meiningar frå heile landet, seier Nettavisens ansvarlege redaktør Gunnar Stavrum.
For abonnentar
Den digitale avisa blir eit abonnementsprodukt og lokkar med eksklusivt nyheits- og aktualitetsstoff og gode historier og kommentarar frå Nettavisen og Amedias 63 aviser.
– Dette er ei e-avis, og du finn den saman med e-avisa til Nordhordland, seier Trond Roger Nydal.
Fram til nyttår fann du avisa Rix på same stad. Den blei lagt ned, og no kjem altså ei ny e-avis, som gir nyhende og aktuelt stoff frå heile landet.
– Slik kan vi tilby nasjonale nyhende til dei som vil ha det i tillegg til dei lokale nyhenda vi leverer, seier Nydal.

Godt innhald er ikkje gratis
800 journalistar frå 63 redaksjonar
Amedia vart frå nyttår heileigar av Mediehuset Nettavisen. I tillegg til å vere Noregs leiande lokale medieselskap med aviser landet rundt, tar mediekonsernet no ein sterk nasjonal posisjon, heiter det i ei pressemelding.
– Når Nettavisen no utvidast med eit riksdekkande digitalt abonnementsprodukt, er ambisjonen å levere viktige nyheiter og kommentarstoff frå heile Norge til heile Norge. NA+ vil bestå av innhald frå Nettavisens eigen redaksjon, men ikkje minst gi lesarane eit unikt tilbod med stoff frå over 800 journalistar i 63 redaksjonar over heile landet, seier konsernsjef i Amedia og styreleiar i Mediehuset Nettavisen Are Stokstad.

Lesarane har talt: Dette var dei viktigaste sakene i 2017 - månad for månad
Kommentarer til denne saken