(Firda): – Vi vil forlenge avtalen med ambulansebåten i Askvoll fram til våren 2022, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Helse Førde har tidlegare gjort vedtak om å legge ned båten. Dei vil kjøpe ny båt som skal ta oppdrag både i Askvoll og Solund. Båten skal stasjonerast i Solund. Dette har ført til omfattande protestar frå folk på øyane i Askvoll, og frå Askvoll kommune.

– Årsaka til at vi no forlengjer kontrakten med den eksisterande ambulansebåten er at det vil gå ei tid før den nye båten er på plass i Solund. I mellomtida sikrar vi på denne måten ambulansetenesta til øyane i Askvoll, seier Arve Varden.

Vil ikkje ha medisinlager på båten

– Det vart sist haust hevda at ambulansebåten i Askvoll ikkje hadde alt utstyret den trong. Mellom anna mangla den båre. Er dette utbetra?

– Alt nødvendig utstyr skal vere på plass. Men det blir ikkje lagra medisin i båten. Dette vil helsepersonellet som skal vere med ha med seg, seier Varden.

Han er glad for at dei no har fått forlenga ordninga som er der i dag.

– Eg opplever at vi har hatt ein god dialog med Askvoll kommune. Etter det eg kjenner til er formannskapet i kommunen orientert om at ambulansebåten skal fungere som den har gjort fram til våren 2020, seier Varden.

– Har de fått nokon dato for når den nye båten vil vere klar?

– Nei, vi har ingen eksakt dato. Men at kontrakten med eksisterande ambulanse skal vare fram til våren 2022 seier litt om når vi trur den vil vere klar, seier Varden.

Glad for utsettinga

–Vi er glade for at Helse Førde har sett alvoret og forlengjer kontrakten med ambulansebåten. Men eg meiner framleis det er kritikkverdig at ikkje Helse Førde har hatt betre kontroll på når den nye båten skal komme. Men alt i alt er vi glade for den meldinga vi no har fått, seier leiar i Atløy vel, Bjørn Arne Mjåseth.

Han seier responstida framleis er for lang til både Atløy og Bulandet og Værlandet.

– Ordninga er slik at ambulansebåten må vente med å rykke ut frå Askvoll til ambulansepersonell frå Dale er på plass. Det meiner vi gir for lang responstid, seier Mjåseth.

Han seier velforeininga vil jobbe for å få responstida ned.

– Det kjem sentrale politikarar på besøk til hausten. Då får dei avgjere om dei vil tillate ei slik lang responstid på si vakt, seier han.

Men akkurat i dag er han likevel letta.

– Vi ser på det som har skjedd no som positivt. Så håpar vi at Atløysambandet er på plass før den lokale ambulansebåten blir teken ut av drift. Visst ikkje må det gjerast nye vurderingar, seier Mjåseth.

Viktig avklaring

Ordførar i Askvoll, Ole Andre Klausen seier han er glad for avklaringa.

– Ein tredjedel av innbyggarane i kommunen, rundt tusen menneske, bur på øyar. Ambulansebåten er veldig viktig for beredskapen, og for tryggleiken til dei som bur der, seier Klausen.

Han seier at det har vore mange vedtak om nedlegging over fleire år, og at det har uroa både kommune og innbyggarar.

– Vi ser på denne meldinga om to nye år som ei gladmelding, seier Klausen.

Bildeserie

Sjå bildeserie: GulenSkyss sin dåp av ny ambulansebåt vart folkefest i Eivindvik